29/09/2026
Foreldre kan støtte, uroe seg, vere tett på – eller vanskelege å nå. Kor mykje plass bør dei få når ungdom skal velje vidare veg? Åsa Sundelin skriv om foreldreinvolvering i karriererettleiing og dilemma mange vil kjenne frå praksis.
Innan karriererettleiing er det velkjent at familie og sosial bakgrunn har stor innverknad på karrierevala og karriereløpa til menneske. Forsking viser at unge frå ulike sosioøkonomiske grupper gjer ulike studie- og karriereval. Fleire karriereteoriar legg òg vekt på den viktige rolla familieb...