01/04/2025
Viktig kunngjering:
Lunde barneskule er skulda for plagiat.
Skulen har nettopp fått eit formelt varsel frå Nurmijärvi kommune i Finland, der dei hevdar at vårt kjære Lundehjarte, skulen sin stolte logo, er ein kopi av deira såkalla "Nurmihjärta"!
Ifølgje juristane deira skal eit liknande symbol ha vore brukt i ein lokal husflidsforeining heilt tilbake til 80-talet, inspirert av eit hjarte som dei meinar liknar på vårt Lundehjarte.
Dette betyr at vi no står i fare for å måtte byte ut heile skulelogoen! Ja, du las riktig – alle skilt, genserar, dokument og til og med vårt kjære tredimensjonale hjarte på skuleplassen kan bli ulovlege dersom Nurmijärvi vinn saka. “Heile identiteten vår forsvinn”, seier den nye avdelingsleiaren Alfarnes, som er heilt sjokkskada over at dette er ein av hennar første arbeidsoppgåver. Dette burde tidlegare avdelingsleiar Lorentzen-Styr ha forutsett og rydda av vegen før han slutta.
Vi arbeider no på spreng med juristen vår for å finne ut om vi må designe ein ny logo, eller om vi kan vinne denne absurde kampen i retten. Etter lengre fartstid i retten i haust, meiner rektor Skaatun at det er stor sjanse for å vinne denne saka berre vi har gode nok argument på vår side. “Vår logo er utvikla av ein tidlegare elev, lenge før elevane fekk tilgang til chromebook og kunne nytte internett til plagiat i kvardagen” seier rektor.
Avdelingsleiar Moberg himlar med augo og skyt inn at her på Lunde lærer vi alle elevane våre god kjeldebruk og kjeldekritikk, dei kan umogleg ha plagiert andre bevisst. “Eg hadde skjøna det om det var skjedd på ein skule i Danmark, der er ikkje denne opplæringa like grundig. Korleis det er i Finland, veit eg ikkje. Vi må vel bruke av dei knappe ressursane vi har til å dekke til logoane på skulen inntil dette er avklara”.
Konsulent Strønen er stille fortvila fordi ho har brukt av skulen sine pengar til ny ledlys-stripe til hjartet vi har i resepsjonen. “Jaja, eg får kjøpe ut lenka og ta den med meg heim”, sukkar Strønen.
Elevrådet er i sorg, det er mykje som fell i grus dersom alle lundehjarta våre må vekk. “Vi brukar mykje tid til leik og andre ting på det tredimensjonale hjartet. Det er faktisk fint å ligge der og sole seg når det er sol, og ein kan leike 1,2,3 raudt lys der og ein fargeleik”, seier elevrådsrepresentanten frå 6. trinn.
“Klassane blir ikkje komplette når ikkje lundehjartet i klasseromma er heile, korleis skal vi no vite kven som er vekke? Dette blir heilt håplaust”, seier leiarane av elevrådet. “Og dessutan så er ikkje hjarta heilt like; vi har åtte delar og Nurmijärvi har sju. Vi har ein del for kvart trinn samt ein for dei vaksne, kva er problemet? Vi veit heller ikkje korleis Nurmijärvi har tenkt med sin inndeling – men den er ikkje lik vår!”.
Kva meiner de? Skal vi stå opp mot Nurmijärvi og forsvare Lundehjartet med nebb og klør, eller byrje å tenkje ut ei ny logo? Her er to forslag som leiar frå IT-avdelinga, Brattholmen, har laga til oss på kort varsel.
Skriv inn di meining i kommentarfeltet under.