Kvam Kulturskule

Kvam Kulturskule Kvam kulturskule er ein skule med omlag 450 elevplassar. Me har 25 interesserte og dyktige tilsette som tilsaman tilbyr undervisning i over 20 ulike disiplinar!

Me har elevar frå 4 til 70 år, og tilbyr undervisning i alle skulekrinsane i Kvam. Kvam kulturskule vart starta i 1978 under namnet Kvam kommunale musikkskule men endra namn til Kvam kulturskule i 2004 då det også vart tilbod om andre fag enn musikk. I fagkrinsen i dag er det undervisning i visuelle kunstfag, dans, drama og ulike musikkutrykk. Kvam kulturskule har omlag 450 elevplassar. I tillegg får mange medlemmer i frivillige kor og musikklag instruktørar frå skulen. Undervisninga skjer i Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese og i Ålvik. Me har dyktige lærarar i kulturskulen og det vert undervist i over 20 ulike disiplinar. Kvam kulturskule har også ansvaret for Den Kulturelle Skulesekken i Kvam, og her deltek om lag 600 elevar kvart år på diverse aktivitetar. Kulturskulen har og ansvaret for den lokale Ungdommens Kulturmønstring.

17/05/2026

Hurra og gratulerer med dagen! Med videoen "Dette landet" frå 2021 vil me ynskje alle ein god 17. mai 🇳🇴🙂

15/05/2026

Kunne du tenkja deg å prøva dansestilen stepping? Det er ein rytmisk dans der skoa har metallplater festa under til å laga ulike rytmar og lydar. Saman med resten av kroppen vert det ein leiken og stilig dans.
I faget stepping kjem me til å jobba med mange forskjellige steppeteknikkar og trinn. Etter kvart sett me saman trinna til ulike koreografiar til jazz og musikal-songar. Stepping passar frå 5.klasse og oppover, ingen øvre aldersgrense.

Klikk her for å søkja: https://nokvam.speedadmin.dk/registration #/. Frist: 1. juni.

I går hadde me bakgårdsfest for ungdommane våre og deira føresette. Ein topp atmosfære med god musikk og trivelege folk!...
13/05/2026

I går hadde me bakgårdsfest for ungdommane våre og deira føresette. Ein topp atmosfære med god musikk og trivelege folk! Me har allereie planlagd ny bakgårdsfest våren 2027!

Adresse

Sandvenvegen 18
Norheimsund
5600

Åpningstider

Mandag 09:00 - 17:00
Tirsdag 09:00 - 17:00
Onsdag 09:00 - 17:00
Torsdag 09:00 - 17:00
Fredag 09:00 - 17:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvam Kulturskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Kvam Kulturskule:

Snarveier

Del

Type