Rockskulen i Eid

Rockskulen i Eid - Er du ei komande rockestjerne? - Har du fullt av sangar i hovudet? - Vil du lære triksa som får bandet ditt til å låte fett? i dag 13 til og med 18 år.

Rockskulen i Eid er eit nystarta prosjekt i samarbeid mellom Eid kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Malakoff Rockfestival. Siktemålet er å få til eit tilbod innan rock og annan rytmisk musikk som følgjer skuleåret 2012/13. I løpet av året skal ein kome inn på mange ulike sider ved det å spele i band. I grove trekk kjem progresjonen i løpet av året til å bli slik:

- Samspel/øving som gruppe/band.
- Konsertførebuing, innøving av set-liste.
- Livespeling på Gymmen Scene.
- Låtskriving og arrangering.
- Innspeling i Gymmen Studio.
- Ferdigstilling av musikalsk produkt. Andre sider ein vil kome inn på er t.d.
- Kunnskap om teknisk utstyr innan lyd/lys.
- Bruk av lyd/lys-utstyr.
- Konsertarrangering. Det heile vil bli leia og koordinert av ein dyktig og erfaren instruktør. Det blir likevel lagt opp til stor grad av medverknad frå brukarane. Målet er at alle skal få brukt sine kreative evner og at resultatet i størst mogeleg grad blir avgjort av det arbeidet kvar enkelt legg ned. Aldersgruppe for dette tilbodet er pr.

28/01/2019

Meld deg på UKM Eid, Gloppen og Selje

03/04/2017

Gratulerer Jackbow!!!
Vidare til landsfestivalen i UKM.
Konge kanon! :D

Flott innsats i Gymmen i dag av banda Elastic Experience, Splendid og Jackbow. Konsert for alle 7 klassingar i Eid. :)
06/12/2016

Flott innsats i Gymmen i dag av banda Elastic Experience, Splendid og Jackbow. Konsert for alle 7 klassingar i Eid. :)

Fin konsert i foajeen i dag med elevar i Rockskulen. Lun stemning inne når været var elendig ute. Flott jobb folkens. :)
10/12/2015

Fin konsert i foajeen i dag med elevar i Rockskulen. Lun stemning inne når været var elendig ute. Flott jobb folkens. :)

04/06/2015

LYDPRØVER Fredag.
15.45- 16.00 GEM (Maren, Sunniva, Martha, Kalle og Johan)
1600 – 1620 Rockskulen
1620 – 1625 Kjellbjørn
1625 – 1640 Songarar. Julie og Johan
1640 – 1650 KillingWord (Dan +++ Maren)
1650 – 1700 Gitargruppe++ “I see fire” alle songarane
1700 – 1710 Gitargruppe++ “The one I love” Stein Inge og AK
1710 – 1720 Barnekor
1745 Dørene opnar..
18.00 Framsyning

Alle deltakarane bør vere på plass min. 15 minutt før lydprøva tar til.
Husk at lydprøva er like mykje for lydfolka sin del som utøvarane.

29/01/2015

NY FRIST FOR PÅMELDING UKM!!!
Søndag 01.februar kl 23:00

Vi har behov for fleire nye søkarar på GITAR!!!Dersom du ,eller nokon du kjenner, har lyst til å lære å spele gitar; sen...
06/10/2014

Vi har behov for fleire nye søkarar på GITAR!!!

Dersom du ,eller nokon du kjenner, har lyst til å lære å spele gitar; send søknad til oss her: http://www.kulturskulen.no/soknadsskjema/

PS! Søkjarar som har fylt 8 år vil bli prioritert.

Om kulturskulen er noko for deg, har du ein ting å gjere: sende inn eit søknadsskjema. Søknadsskjemaet kan du bruke heile året, og du får melding med det same dersom du har søkt på eit tilbod som vi kan gje deg. Skulle det vere slik at det er venteliste på det du har søkt på, så vil du ikkje få meld…

02/04/2014

Vi må gratulere vårt eminente Lommerosk med å ha gått vidare til Landsmønstringa i UKM.
KNALLSTERKT!!
:)

14/01/2014

Hei.
I fall nokon lurer.
Øyvind er tilbake og Rockskulen går som normalt. så husk å møte opp! :)

06/01/2014

Hei og godt nyttår til alle som er med i Rockskulen.

Øyvind Lied er dessverre sjukmeldt også denne veka. Vi ser oss difor nødt til å avlyse/utsette timane denne veka, for å finne ein adekvat vikar for Øyvind er bortimot umogeleg. Forhåpentlegvis er han klar igjen til neste veke.

Alle som har eigen tilgang til Gymmen kan sjølvsagt vere der å øve sjølve i den tida de har til rådigheit. De er då som vanleg ansvarlege for at fasilitetane blir tekne vare på.

Med ønske om god bedring til Øyvind, og eit Rocka nytt år for alle i hop.

Helsing Dan

09/11/2013

Takk for super innsats på Gymmen i går. Helsing ein stolt rockelærar:)

Adresse

Nordfjordeid
6770

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rockskulen i Eid legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Rockskulen i Eid:

Snarveier

Del

Type