Stad kulturskule

Stad kulturskule Velkommen til Stad Kulturskule si facebookside. Her deler vi informasjon og viser glimt frå kva som skjer i kulturskulen.

Stad kulturskule er eit frivillig tilbod til barn og unge som ønskjer opplæring i musikk og biletkunst i kommunal regi. Skulen starta opp som musikkskule i 1987, og vart omgjort til Kulturskule 01.01.00 med undervisning i nye disiplinar. Det er i dag ca 230 elevar som nyttar Kulturskulen kvar veke. Kulturskulen har eigne lokale, samlokalisert med Eid ungdomsskule. For ytterlegar informasjon, søknader, reglement sjå Stad kommune sine nettsider.

08/05/2026
Kjekt for elevane å spele for medelevar! Bilda er frå skulekonsertar på Hjelle skule og Haugen skule denne veka🤩
30/04/2026

Kjekt for elevane å spele for medelevar! Bilda er frå skulekonsertar på Hjelle skule og Haugen skule denne veka🤩

Spennande workshop med dansar frå Carte Blanche måndag! Workshopen var for dei eldste dansegruppene i kulturskulen med u...
17/04/2026

Spennande workshop med dansar frå Carte Blanche måndag! Workshopen var for dei eldste dansegruppene i kulturskulen med undervisningsstad Eid og Selje, i tillegg til elevar frå folkehøgskulen. Takk til dansar Iris Auguste for nye erfaringar🤩

Vi vil gratulere danseelev i kulturskulen, Seline Varpen Heimsæter, som er velt ut til å delta på Nasjonalballettens som...
17/04/2026

Vi vil gratulere danseelev i kulturskulen, Seline Varpen Heimsæter, som er velt ut til å delta på Nasjonalballettens sommarkurs 2026! 🤩

Saman med dansepedagog i kulturskulen, Thea Mavropoulou, skal Seline delta på ei veke med intensiv trening i Operaen i Oslo sine flotte lokaler. Kurset er eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Oslo, Nasjonalballettskolen og Nasjonalballetten.

Ballettalenter frå ballettskuler og kulturskuler får ein unik moglegheit til å trene saman med elevar frå Nasjonalballettskolen, Wilhelmsen akademiet, Kunsthøgskolen i Oslo og dansere frå Nasjonalballetten UNG.

Vi ønsker deg lykke til Seline!💐

Måndag 13. april kl. 18 blir det Workshop for dei eldste danseelevane i kulturskulen! Det er dansar Iris Auguste frå Car...
09/04/2026

Måndag 13. april kl. 18 blir det Workshop for dei eldste danseelevane i kulturskulen! Det er dansar Iris Auguste frå Carte Blanche som skal halde denne workshopen basert på bevegelsesmateriale frå forestillinga Insight

https://carteblanche.no/en/shows-and-events/insight/

Tysdag 14. april kl. 19 kan de sjå Carte Blanche i aksjon i Operahuset! I forestillinga Insight utforskar Heine Avdal og Yukiko Shinozaki det skiftande forholdet mellom individ og fellesskap.

Dette er verd å få med seg! Billettpris:
Betal det du kan 125,- 225,- 325,- 425,-

How can the body speak of the ways we navigate life together?

19/03/2026

Onsdag 18. mars deltok fordjupingsorkesteret på Gloppen kulturskule sin flotte konsert Highlights! Her ein smakebit frå øvinga tysdag. Kjekt med samarbeid🎵🎶

Det har vert mykje kjekk aktivitet for både korps og aspirantar/juniorar i februar og mars! Mellom anna skulekonsert på ...
13/03/2026

Det har vert mykje kjekk aktivitet for både korps og aspirantar/juniorar i februar og mars! Mellom anna skulekonsert på Bryggja skule, seminar for Stårheim, Haugen, Bryggja og Kjølsdalen, og basarer i Selje og på Stadlandet! Bildet er av årets nye aspirantar til Stadlandet skulemusikk, teke på basar 7. mars🤩 Og i helga vert det Nordvesten Sogn og Fjordane i Operahuset Nordfjord! 🎺🎷

Torsdag kveld fekk vi prøve ut den nye scena i Stad bibliotek - hovudbiblioteket Nordfjordeid! Det vart ein flott og ste...
06/03/2026

Torsdag kveld fekk vi prøve ut den nye scena i Stad bibliotek - hovudbiblioteket Nordfjordeid! Det vart ein flott og stemningsfull konsert med elevar frå kulturskulen. Takk til alle som kom!

Kjekk konsert i Gamlebanken laurdag! Fullt hus og mykje flott pianomusikk 🎹🎼🎵🎶
03/03/2026

Kjekk konsert i Gamlebanken laurdag! Fullt hus og mykje flott pianomusikk 🎹🎼🎵🎶

Flott elevkonsert i Gamlebanken laurdag! Både store og små pianistar og fiolinistar var i sving🤩
02/02/2026

Flott elevkonsert i Gamlebanken laurdag! Både store og små pianistar og fiolinistar var i sving🤩

Adresse

Postboks 99
Nordfjordeid
6771

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stad kulturskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Stad kulturskule:

Snarveier

Del

Type