Eid ungdomsskule

Eid ungdomsskule Velkomen til Eid ungdomsskule si facebookside. Her deler vi informasjon og historier frå kvardagen på skulen.

EUS er den største i Stad og får elevar frå 5 barneskular. Skulen ligg i Nordfjordeid sentrum og har 4 klasser per trinn.

Med glimt i frå 9. trinnet si flotte juleavslutning i Operahuset i går ønskjer vi alle riktig God Jul og God Nytt År🌟🎅🏼 ...
19/12/2025

Med glimt i frå 9. trinnet si flotte juleavslutning i Operahuset i går ønskjer vi alle riktig God Jul og God Nytt År🌟🎅🏼 Flott ungdom som imponerer stort - vi er stolte vaksne🎭🎼🎤

Årets juledør-konkurranse er i gang på EUS! Kven blir årets vinnar? 🌟🌟🌟
17/12/2025

Årets juledør-konkurranse er i gang på EUS! Kven blir årets vinnar? 🌟🌟🌟

12/12/2025

Elevmentorane på EUS har i dag baka lussekattar. Dei gjekk i Luciatog og delte ut til alle elevar og lærarar 🥰

Alt klart til juleball. Dette blir kjekt!
11/12/2025

Alt klart til juleball. Dette blir kjekt!

I helga vart det arrangert First Lego League 2025 i Operahuset, der sju lag køyrde og programmerte robotar, la fram idea...
12/11/2025

I helga vart det arrangert First Lego League 2025 i Operahuset, der sju lag køyrde og programmerte robotar, la fram idear til oppfinningar og lagde stands som viste fram arbeidet sitt. Vi på Eid ungdomsskule stakk av med pris for beste stand, og nådde heilt opp til 3. plass i robotkøyring. Ein skikkeleg kjekk dag for elevar, familie og lærarar, som kanskje gir meirsmak til endå meir deltaking dei komande åra. Vi er iallfall strålande fornøgde med innsatsen deira og takkar elevane for ein fin dag 😄

Nokre glimt frå Halloween-temadagen på EUS 🎃🕷️🤭
02/11/2025

Nokre glimt frå Halloween-temadagen på EUS 🎃🕷️🤭

Vi deler litt meir av alt det kjekke vi held på med på kjøkkenet i valfaget praktisk handverksfag🤩 i dag har vi laga ret...
30/10/2025

Vi deler litt meir av alt det kjekke vi held på med på kjøkkenet i valfaget praktisk handverksfag🤩 i dag har vi laga rettar som er inspirert av gatemat, og samtidig henta litt inspirasjon frå halloween som er rett rundt hjørnet. Flinke elevar, og god stemning!

Alt har ei vinnande side! I kjølvatnet av Amy sine herjingar, har ungdomsskulen fått tilkøyrt ei solid mengde med tømmer...
26/10/2025

Alt har ei vinnande side! I kjølvatnet av Amy sine herjingar, har ungdomsskulen fått tilkøyrt ei solid mengde med tømmer. Mesteparten skal elevane på arbeidslivsfag kløyve til ved for sal. Iveren og arbeidsinnsatsen har vore enorm hos elevane på 8.trinn. Mykje læring, og ikkje minst meistring 🤩

Denne veka og neste veke gjennomfører vi praktiske prøver i mat og helse på 9. trinn. Så langt har det vore mykje god gj...
24/10/2025

Denne veka og neste veke gjennomfører vi praktiske prøver i mat og helse på 9. trinn. Så langt har det vore mykje god gjærbakst å smake på🤩 vi gledar oss til fortsettelsen!

På 8. trinn i arbeidslivsfag er det ein gjeng elevar som arbeider med kapping og pakking av ved. Veden blir pakka i sekk...
29/09/2025

På 8. trinn i arbeidslivsfag er det ein gjeng elevar som arbeider med kapping og pakking av ved. Veden blir pakka i sekkar på 80L, og vi ønsker å selge vedsekkane. Inntekta går direkte tilbake til arbeidslivsfaget, noko som gjer det mogleg å få tak i nytt utstyr eller liknande etter behov.

Pris: 80kr (1kr per liter)
Mengde per sekk: 80L

Gje gjerne ei tilbakemelding til lærar Kristian Lefdal om de er interessert i å kjøpe, og svar gjerne kor mange sekkar de eventuelt ønsker.

Kontaktinfo:
Kristian L: 41 60 31 66
--> Del gjerne

Sjå på denne kjekke gjengen vi har med oss på kjøkkenet i valfaget praktisk handverksfag! Desse to første vekene har vi ...
18/09/2025

Sjå på denne kjekke gjengen vi har med oss på kjøkkenet i valfaget praktisk handverksfag! Desse to første vekene har vi jobba med haustens råvarer🍎🥕 i dag laga vi forskjellige rettar av grønsaker, og det vart mykje godt å smake på. Vi gledar oss til fortsettelsen 🤩

Adresse

Skulevegen 75
Nordfjordeid
6770

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4797032761

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Eid ungdomsskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Eid ungdomsskule:

Snarveier

Del