09/05/2026
Paintball var noko av det siste gamle Austheim fekk oppleve før bygget skal forgå.
🎵G A M L E A U S T H E I M
Tekst: Knut Handeland
Mel: Precious memories (J.B.F. Wright)
1. Gamle Austheim, full av merke
Alt som du har måtta sjå!
Midt i stilla, etter midnatt
Nå skal alt ved deg forgå.
Ref:
Gamle Austheim, full av minne
Ting som tilsyn aldri såg
Svidde pizza, røyk på dassen
Hærverk, angst og stille gråt.
2. Gode Austheim, takk for dansen
Du stod alltid heilt i ro
Dårlig lufting, lite tenleg
Dauden ventar på deg no
Ref:
Gamle Austheim, full av minne
Tilsyn såg det gong på gong:
Varig venskap, bøn & bibel
Kinaputt og vannballong.
3. Stygge Austheim, du skal døy nå
2030 stiller krav
Ribba høne, knapt nok møne
Bit for bit går du i grav
Ref:
Gamle Austheim, full av minne
Alt som du skal sleppa sjå!
Nye tider, nye Fjosheim
Trist og godt å la deg gå.