Kultursekken vert realisert gjennom ei abonnementsordning for kommunane, gjennom bestillingsordninga Kulturlauget, samt gjennom kommunane sine lokale Kultursekkplanar. Kultursekken er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt svar på Den kulturelle skolesekken - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i barnehage, grunnskolen og den videregåande skulen. DKS er finansiert av spelemidlar som vert fordelt til fylkeskommunane i landet. Den kulturelle skulesekken skal utformast og uavlateleg vurderast ut frå eit sett med prinsipp for ordninga:
- Varig ordning: Den kulturelle skulesekken skal vere ei varig ordning for elevar i skulen.
- For alle elevar: Den kulturelle skulesekken skal femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på og kva økonomisk, sosial, etnisk og religiøs bakgrunn dei har.
- Realisere mål i læreplanverket: Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverke til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.
- Høg kvalitet: Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg k unstnarleg kvalitet.
- Kulturelt mangfald: Den kulturelle skulesekken skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar.
- Breidde: Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representerte i Den kulturelle skulesekken. Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane.
- Regularitet: Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.
- Samarbeid kultur–skule: Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.
- Rollefordeling kultur–skule: Opplæringssektoren har ansvaret for å leggje føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informere om innhaldet i god tid.
- Lokal forankring og eigarskap: Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken.