OKFH

OKFH Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane Kontoret held til på Amtskaia 30 i Måløy.

OKFH har ansvar for rundt 130 lærlingar i akvakultur-, fiske og fangst-, matros-, motormannfaget. Alle er knytte til kystnæringane i gamle Sogn og Fjordane. Læringsløpet til matros, motormann og fisk og fangst faget er sertifisert av Beurau Veritas og godkjent av Sjøfartsdirektoratet.

Søndag kveld var vi ombord i M/B Sogningen ⚓Båten kom innom Måløy for eit kortare opphald før kursen vart sett vidare sø...
14/06/2026

Søndag kveld var vi ombord i M/B Sogningen ⚓
Båten kom innom Måløy for eit kortare opphald før kursen vart sett vidare sørover.
Der ombord har vi fiske og fangst lærlingen Krisander Samuelsen som trivast godt, han får og gode tilbakemeldingar frå Eivind Larsen som er både skipper og fagleg leiar.
Mannskapet er no ferdige med seifisket og hadde siste levering i Ålesund på laurdag.
Vi ønsker heile mannskapet ein riktig god ferie! 🌞

Vi gratulerer Amund Bjerck med fagbrevet I akvakulturfaget. Amund har gått naturbruk og akvakultur på Måløy vidaregåande...
11/06/2026

Vi gratulerer Amund Bjerck med fagbrevet I akvakulturfaget. Amund har gått naturbruk og akvakultur på Måløy vidaregåande skule. Læretida har han hatt på lokalitet Flåtegrunnen MOWI. Vi takker Ingebjørg Reksten og gjengen hennes for god opplæring og godt samarbeid. Amund skal inn i forsvaret før han skal inn i næringa. Heldig er dei som får deg som arbeidstaker. Kjekt å bli kjent med deg Amund, så møtes vi brått🙂👍

09/06/2026

Årets lærlingsamling for 1 års lærlingane våre på Reidarbua i Bremanger er godt i gang, vi har hatt gode samtaler, tatt badstu, bada og ete god mat servert av Vivis mat.

I dag var det 5 stolte og flinke gutar som var oppe til fagprøve i fiske og fangst – alle bestod med g***s! 👏⚓🐟Den prakt...
05/06/2026

I dag var det 5 stolte og flinke gutar som var oppe til fagprøve i fiske og fangst – alle bestod med g***s! 👏⚓🐟
Den praktiske delen vart gjennomført om bord på
m/s Skulebas, der dei fekk vise fram dei gode kunnskapane sine.
Det har vore to kjekke år der vi i OKFH har møtt dei og hatt mange gode samtalar undervegs. No er dei klare for å ta steget vidare i yrket.
🔹 Alexander Ismet Berk-Lie og Leon Aleksander Veland begge ombord på – m/s Rolf Asbjørn Ervik Group
🔹 Espen Oppedal – m/s Vestkapp Ervik Group
🔹 Håkon Høydal Bøe – m/s Skjongholm M/S Skjongholm
🔹 Mikkel Østmark Andersen – m/b Argo Junior
Vi ønskjer alle saman lykke til vidare!

05/06/2026

Fagprøve skipsmotormekanikere

🎉 GRATULERER MED FAGBREV! 🎉Denne veka har ein dyktig gjeng skipsmotormekanikarar bestått fagprøva etter ein solid innsat...
05/06/2026

🎉 GRATULERER MED FAGBREV! 🎉
Denne veka har ein dyktig gjeng skipsmotormekanikarar bestått fagprøva etter ein solid innsats! 💪⚓
Etter oppstart med repetisjonskurs saman med Tor Helge Hansen, vart fagprøva gjennomført om bord på Andrea L, Rebekka L og Ringbas.
Nye fagarbeidarar er:
👏 Isak Unneland og Paul Brekke (Firda Shipping)
👏 Kasper Fitjar og Arnt Severin Leikanger (Ervik)
👏 Kristoffer Brandsøy (Babord, Andrea L)
👏 Kim Midtgaard og Andreas Teigen (Austevoll opplæringskontor)
Vi er stolte av innsatsen deira og gratulerer alle med flott resultat!
Lukke til vidare med jobb og fagskule!

Vi gratulerer Jan Vidar Stubbhaug med fagbrevet I akvakulturfaget. Jan Vidar har gått på fagbrev kurs gjennom OKFH og ha...
04/06/2026

Vi gratulerer Jan Vidar Stubbhaug med fagbrevet I akvakulturfaget. Jan Vidar har gått på fagbrev kurs gjennom OKFH og hatt opplæringa hjå Barlindbotn Settefisk. Vi takker Reidar Haugen som faglig leder for god opplæring. Lykke til vidare, Jan Vidar, kjekt å bli kjent med deg😃👍

Årets Kick off for nye lærlinger er vel gjennomført - og for en start det vart😃Vi samla alle nye lærlingane i seilerhuse...
03/06/2026

Årets Kick off for nye lærlinger er vel gjennomført - og for en start det vart😃
Vi samla alle nye lærlingane i seilerhuset i Deknepollen til ei inspirerende samling. Her fikk dei møte kvarandre, nyte pizza, modta informasjonsmapper og få informasjon om kva dei har i vente i læretida.
Vi avslutta med en Ribtur rundt klovningen.
Det var ein kjekke gjeng som vi gleder oss til å bli bedre kjent med!

Vi gratulerer Marius Haugsvær med fagbrevet I akvakulturfaget. Marius har gått  naturbruk og akvakultur på Austerheim vi...
02/06/2026

Vi gratulerer Marius Haugsvær med fagbrevet I akvakulturfaget. Marius har gått naturbruk og akvakultur på Austerheim vidaregåande skule. Læretida har han hatt på Osland Havbruk As. Der har han vært med å produsere kvalitetsaure frå Sognefjorden. Vi takker Mads Mellingen og teamet hans for god opplæring og godt samarbeid. Marius fortsetter i Osland etter læretida er over. Kjekt å bli kjent med deg Marius, så sjåast vi brått når vi er innom Osland i Bjordal.

Anna Strand er snart ferdig med sitt første år som matroslærling på Fjord1 sitt samband på Hareid-Sulesund. Okfh var inn...
01/06/2026

Anna Strand er snart ferdig med sitt første år som matroslærling på Fjord1 sitt samband på Hareid-Sulesund. Okfh var innom på besøk i dag og fikk en god prat med Anna og resten av mannskapet.

Adresse

Amtskaia 30 6700 Måløy
Måløy
N-6700

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 14:00

Telefon

+4741530834

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når OKFH legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til OKFH:

Snarveier

Del