21/06/2024
Dette vert det siste innlegget frå Flem skule ❤️
Torsdag 20.juni reiste heile skulen på bytur. Vi fekk fine omvisninger og opplegg på Sunnmøre museum, før vi runda av med ein skikkeleg pizzafest på Peppes pizza. Ein fin avslutningstur for skulen vår.
Flagget er heisa idag, for denne historiske siste skuledagen på skulen vår. Så er vi klare for litt vel fortent sommarferie.
Vi vil takke alle som kom på open skule før i veka, det vart ei fin stund ilag.
Til hausten byrjar alle på Haramsøy skule, ein flott skule! Det vert nok bra det og! ❤️
God sommar frå alle oss 🌺