Lindås ungdomsskule

Lindås ungdomsskule Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Lindås ungdomsskule, Skole, Veråsvegen 71, Lindås.

12/12/2025

9.trinn har denne veka bakt lussekatter i mat og helse, og det fekk alle elevane på skulen nyte godt av i dag!🥰 Når i tillegg våre sjarmerande, unge MOTivatorar deler ut, så blir ein varm om hjarta❤️ Ynskjer alle ei god lucia-helg🌟

I dag var nærare 30 ulike yrkesgrupper på besøk når me arrangerte yrkesdag for 10.klassingane våre. Elevane fekk nyttig ...
03/12/2025

I dag var nærare 30 ulike yrkesgrupper på besøk når me arrangerte yrkesdag for 10.klassingane våre. Elevane fekk nyttig informasjon direkte frå lærlingar, vgs-elevar og arbeidstakarar om blant anna skulekvardagen på vgs, korleis det er å vere lærling, ulike utdanningsprogram og jobbmoglegheiter i distriktet vårt. Yrkesdagen var eit samarbeidsprosjekt med Erasmus+.
Håpar dagen har gitt viktig påfyll til ungdommane som skal velje sin veg 1.mars❤️
Tusen takk til alle lærlingane som stilte i dag!

❤️For ein nydeleg start på fredagen her på LUS!❤️Elevar og tilsette blei møtt med musikk, nysteikte vaflar og lappar av ...
21/11/2025

❤️For ein nydeleg start på fredagen her på LUS!❤️
Elevar og tilsette blei møtt med musikk, nysteikte vaflar og lappar av våre gode MOT-coachar🫶 I dag er det MOT-til-å-glede-dagen❤️ Lag ein fin dag!

18/11/2025

Kurs for tenåringsforeldre: Korleis kan du styrke relasjonen til tenåringen i ein stormfull livsfase?

Velkommen på kurs:
🔹Onsdag 26. november klokka 09.00 til 11.00
🔹Onsdag 3. desember klokka 09.00 til 11.00

Stad: Helsehuset i Knarvik, 6. etasje

Vi tar opp tema og utfordingar som dei fleste tenåringsfamiliar vil kjenne seg att i. Målet er å auke forståinga for kva som skjer i samspelet med tenåringen, og slik bli betre rusta til å snu negative mønstre.

Kurset er for alle føresette med born i alderen 13-18 år, både einslege og par.

Kurset går over to samlinger á to timar, og vi har plass til 50 deltakarar.

På heimesida vår kan du lese meir om kurset og melde deg på:
https://www.alver.kommune.no/artikkel/foreldrerettleiing-1725454902756

🎃Skrik frå det mørke loftet, skumle fjes og spindelvev i krokane - 10.klassingane våre har verkeleg levert god Halloween...
31/10/2025

🎃Skrik frå det mørke loftet, skumle fjes og spindelvev i krokane - 10.klassingane våre har verkeleg levert god Halloweenstemning til alle på LUS + dei inviterte 7.klassingane frå barneskulen i dag! 🎃
Me ynskjer alle ein riktig god fredag!❤️

Denne veka har det vore ulike opplegg knytt til internasjonal veke her på skulen, og OD-dag der elevane har jobba for å ...
31/10/2025

Denne veka har det vore ulike opplegg knytt til internasjonal veke her på skulen, og OD-dag der elevane har jobba for å hjelpe jenter i Kenya og Tanzania, slik at dei skal få rett til å bestemme over eigne kroppar og liv. Her får de eit lite glimt frå veka. Takk til det fine elevrådet vårt som leia opplegget tysdagen, og til alle som har støtta elevan våre ved å gi dei jobb på OD-dagen!

Onsdag 19.november er det yrkes- og utdanningsmesse i Nordhordlandshallen for 9. og 10.trinn. Masse informasjon å hente ...
30/10/2025

Onsdag 19.november er det yrkes- og utdanningsmesse i Nordhordlandshallen for 9. og 10.trinn. Masse informasjon å hente frå vidaregåande skular, folkehøgskular, høgare utdanning og ulike yrkesgrupper. Kom, kom!🤩

"Me storkosar oss!" - var meldinga me fekk frå 9a då dei var på Ypsøy kystgard i dag. På timeplanen  var det i dag; live...
29/10/2025

"Me storkosar oss!" - var meldinga me fekk frå 9a då dei var på Ypsøy kystgard i dag. På timeplanen var det i dag; livet i fjæra🦀, dyra på garden🐑🐔🪿, bading i sjøen (med våtdrakt!)💦, padling🛶 og roing av Oselvar🚣. 9b kan gle seg når dei skal utover i november😊
Takk for oss Ypsøy Kystgard!

I dag tidleg rulla VilVite inn til oss, og har hatt energisk vitenshow og naturfagleg utstilling for heile skulen, samt ...
23/10/2025

I dag tidleg rulla VilVite inn til oss, og har hatt energisk vitenshow og naturfagleg utstilling for heile skulen, samt programmering med 9.trinn!💥🤩 Me har sett nysgjerrige og aktive elevar, og fått tilbakemeldingar frå VilVite om at her var det kjekke og engasjerte ungdommar❤️ Takk til VilVite og Equinor som rulla inn med realfagsglede til oss!

Deler informasjon om sommaraktivitetar frå Ung Alver. Her finn de tilbod til ungdommar i aldersgruppa 8.trinn til 3.vgs ...
20/06/2025

Deler informasjon om sommaraktivitetar frå Ung Alver. Her finn de tilbod til ungdommar i aldersgruppa 8.trinn til 3.vgs gjennom heile sommaren. Dei som skal byrje på ungdomsskule til hausten kan delta på alle aktivitetane, og det er også tilbod om familieaktiviteter. Klikk deg inn på linken for meir informasjon;

Check out this Instagram Post (4:5) designed by Ung Alver.

11/04/2025

Helsing frå gjengen som var i Tyskland i samband med Erasmus-prosjektet🥰 Med ynskje om ei riktig god påske til alle elevar og føresette! 🐣

I anledning den internasjonale vaffeldagen i dag, bestemte vårt flotte Elevråd seg for å diske opp med nysteikte vafler ...
25/03/2025

I anledning den internasjonale vaffeldagen i dag, bestemte vårt flotte Elevråd seg for å diske opp med nysteikte vafler til heile skulen 🤩❤️🥰 Tuuusen takk - de er så gode ❤️

Adresse

Veråsvegen 71
Lindås
5955

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lindås ungdomsskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Lindås ungdomsskule:

Snarveier

Del

Type