14/05/2026
🌸 VÅRKONSERT = MUSIKKGLEDE, DANSEGLEDE OG FELLESSKAP! 🌸
For ein fantastisk gjeng – og for ein herleg vårkonsert vi fekk måndag 11. mai! 🎶💃✨
Gymsalen i Gursken vart fylt med musikk, rytme, energi og ekte speleglede då elevar frå Sande kulturskule tok scenen og gav alt dei hadde.
Vi fekk høyre og sjå alt frå trommer, gitar, piano og song, til messing, band og samspel. Dansegruppene dansa både pop dans, hip hop og latino og viste kor mykje kraft, glede og samhald som bur i kreativ utfalding.
Dei yngste sjarmerte oss med entusiasme og speleglede, medan dei eldste imponerte med tryggleik, uttrykk og musikalsk overskot ⭐🎺🎹
Det var ekstra fint å sjå korleis elevar frå ulike bygder og aldersgrupper møtest i eit inkluderande fellesskap der ein heiar på kvarandre og veks saman – akkurat slik vi ønskjer at kulturskulen vår skal vere ❤️
💐 Tusen takk til alle fantastiske elevar for sterke framføringar,
👏 takk til dyktige og engasjerte lærarar: Natalija, Marlen, Jette, Stig og Bertil
🙌 takk til publikum som klappa, smilte og skapte god stemning,
🎧 og takk til vår eminente lydteknikar: Ludvik Brune Leikanger❤️🙏
Dette vart ei flott markering av våren – og av alt det fine som skjer i kulturskulen kvar einaste veke.
Søknadsfrist for komande skuleår: 19. mai ✅🤩
Vi gler oss alt til neste konsert! 🌷😊
Dei fine bileta er tatt av Bertil🙏
Gursken Skulekorps
Sande kommune