Langevåg skule

Langevåg skule Barneskule i Sula kommune.

☀️
04/06/2025

☀️

Vi har dei siste dagane «inskula» førtifem forventningsfulle førskuleungar. Dei har fått møtt læraren sin, sett førstekl...
28/05/2025

Vi har dei siste dagane «inskula» førtifem forventningsfulle førskuleungar. Dei har fått møtt læraren sin, sett førsteklassebasen og klasserommet, vore samla i amfiet og sjølvsagt også møtt fadrane sine! Dagane har handla om å få kjenne seg tryggare og meir budd på overgangen som kjem i august. Det å gru-glede seg er eit omgrep som passer godt for mange av dei komande førsteklassingane, og forhåpentligvis har vi klart å vise litt av det som kjem i den nye kvardagen.

Kjenner du nokre førskuleungar? Hjelp dei med å skape realistiske forventningar til den store endringa, og la dei vere i tida her og no så lenge. Det kan bli mange: «Gler du deg til å begynne på skulen no da?» i løpet av sommeren ❤️ Hugser du sist du gru-gleda deg over ei stor endring?

Idag nyter vi sola ☀️🌸 Aktivitet, samarbeid, læring og sol, betre blir det ikkje!
26/05/2025

Idag nyter vi sola ☀️🌸 Aktivitet, samarbeid, læring og sol, betre blir det ikkje!

Eleven sitt val 2025
26/05/2025

Eleven sitt val 2025

Det er ikkje kvar fredag «Haaland» og «Ronaldo» leiker saman i sandkassa vil vi tru, nei og det er nok fordi det ikkje e...
09/05/2025

Det er ikkje kvar fredag «Haaland» og «Ronaldo» leiker saman i sandkassa vil vi tru, nei og det er nok fordi det ikkje er kva som helst slags fredag i dag. I dag markerer nemleg born og vaksne ved skulen .

I fjor slo vi på stortromma med ei fotballbane forma av menneske og dronefilm av det heile. I år gjekk vi for det meir tradisjonelle lagbiletet. Det er fint å kjenne at ein er på lag når ein går på same skule. Vi er på lag om mange ting, men i dag er vi spesielt på lag i kampen mot barnekreft.

Liker du bildet vårt håper vi at du kan støtte med vipps (4422) til

Sparebanken Møre

8. mai – Frigjeringsdagen 🇳🇴�I dag markerer vi 80 år med fred i Noreg. Det er ein dag for å minnast – og for å samtale m...
08/05/2025

8. mai – Frigjeringsdagen 🇳🇴
�I dag markerer vi 80 år med fred i Noreg. Det er ein dag for å minnast – og for å samtale med elevane om kva fred, fridom og fellesskap betyr.

I læreplanen står det at opplæringa skal gi elevane innsikt i historia vår og støtte dei i å bli aktive medborgarar i eit demokratisk samfunn.

Gjennom slike dagar løfter vi fram verdiane som bind oss saman – og minner kvarandre på kvifor vi heisar flagget.

Onsdag fekk 3.trinn besøk frå Atlanterhavsparken Ålesund - Akvarium og Vitensenter som gjennomførte FJØRESAFARI i Bolvik...
08/05/2025

Onsdag fekk 3.trinn besøk frå Atlanterhavsparken Ålesund - Akvarium og Vitensenter som gjennomførte FJØRESAFARI i Bolvika.
Elevane fekk låne vadere og redningsvestar, hovar og sjøkikkertar. Undervegs i opplegget drog klassene opp strandnot med mykje spanande i. Dette var midt i blinken for dei eventyrlystne 8- og 9 åringane våre. Takk til Atlanterhavsparken for knallbra opplegg, kom gjerne tilbake.

Tysdag 6.mai arrangerte Langevåg skule Tine-stafett på Langevåg stadion. Over 300 elevar frå Sulaskulen i alderen 11-13 ...
08/05/2025

Tysdag 6.mai arrangerte Langevåg skule Tine-stafett på Langevåg stadion. Over 300 elevar frå Sulaskulen i alderen 11-13 år var samla for å springe, mingle og ha det kjekt i lag. Løpebana låg tidvis bada i sol, smila satt laust og joggeskoa fekk køyrd seg.

Først var det innleiande heat på trinna, så trinnfinalar og til slutt superfinale. Dei mest sporty av dei vaksne deltok i superfinalen(pedagogar som dei er, valde dei sjølvsagt å ikkje vinne).

Det var ein veldig kjekk dag på Liltun, takk for besøket til supre elevar frå Rørstadmarka og Solevåg! Det er andre året med lokal Tine-stafett og då er det vel blitt ein tradisjon?

👌
07/05/2025

👌

Variert opplegg med både inspirasjon og informasjon. Mange fine tonar frå mange ulike instrument i amfiet i dag 🎶
06/05/2025

Variert opplegg med både inspirasjon og informasjon. Mange fine tonar frå mange ulike instrument i amfiet i dag 🎶

“Jeg velger meg april” skreiv Bjørnstjerne Bjørnson. Det gjorde også 3.trinn for si samlingsstund som dei serverte på sj...
24/04/2025

“Jeg velger meg april” skreiv Bjørnstjerne Bjørnson. Det gjorde også 3.trinn for si samlingsstund som dei serverte på sjølvaste dagen for aprilsnarrar. Dei hadde lurt dei fleste i administrasjonen med både tannkremfyllte oreokjeks, falskt naseblod og ein godtepose med brokkoli. Tullekoppar!

Ellers gav samlingsstunda oss eit innblikk i 3.trinn sine varierte dagar. Frå kulturkarusellen viste dei fram djembe, kornettar, P-Buzz og Boomwhackers. Det var også mange hobbyar som viste seg fram gjennom song, triks, fakta, song og musikk. Den mangfaldige forestillinga vart avslutta av ein fellesdans til den populære songen “Badebussen”. Dette skulle symbolisere symjetimane som 3.trinnselevane har haust og vår.

Det var eit godt val å velge seg april for si samlingsstund. No har snart alle klassene vore i ilden. På tampen av året er det tradisjon tru 1. og 7. klasse som går på scena. Skulelivets første- og siste samlingsstund i løpet av mai og juni, store kontrastar, og vi har gode grunnar til å sjå fram til desse stundene.

Den siste veka har det hengt plakatar rundt om på skulen med invitasjon til ny samlingsstund! Onsdag var det klart for d...
14/03/2025

Den siste veka har det hengt plakatar rundt om på skulen med invitasjon til ny samlingsstund! Onsdag var det klart for direktesending av «God Morgon Langevåg» frå amfiet.

4.trinn hadde invitert skulen og familie til samlingsstund der dei hadde laga si eiga God Morgen Norge sending, som God Morgon Langevåg! Dei hadde programleiarar, innslag frå motebiletet, været, sportsnyheiter, intervju tv-kjøkken og reklamefilmar.

Det er kjekt å samlast i amfiet, og stas å få vise fram det som elevane har øvd på i ei periode. Vi er imponerte og stolte av alle saman.

Adresse

Bratthaugmyra 39
Langevåg
6030

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Langevåg skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del

Type