18/09/2026
🔥 Nasjonal brannvernveke i barnehagen 🔥
Denne veka har vi hatt fokus på brannvern og branntryggleik i barnehagen.
Vi har snakka med barna om kva som skjer dersom brannalarmen går,
og kvifor det er viktig å vere roleg, lytte til dei vaksne og vite kvar vi skal gå.
Vi har øvd på rutinane våre gjennom samtalar,
leik og brannøving. Det er viktig å gjere barna trygge og medvitne på kva dei skal gjere dersom alarmen går.
Med kunnskap, gode rutinar og litt øving blir barna betre rusta til å handtere ein situasjon som kan vere både spennande og litt skummel. ❤️🚒