Ølve Montessoriskule

Ølve Montessoriskule Ølve Montessoriskule er ein privatskule i bygda Ølve i Kvinnherad. Me driv etter montessoripedagog

I dag har me studert krabbar og andre kryp me fann under steinane, tang og skjel. Uteskulen starta med sol, men slutta m...
06/05/2026

I dag har me studert krabbar og andre kryp me fann under steinane, tang og skjel. Uteskulen starta med sol, men slutta med ei kraftig snøbyge. Me avslutta økta inne, der me gjekk gjennom funna, og snakka om ulike værfenomen.

Tusen takk for besøket til alle som kom på påskekafèen i dag! Her er eit bilete frå ein litt våt, men veldig kjekk utesk...
27/03/2026

Tusen takk for besøket til alle som kom på påskekafèen i dag! Her er eit bilete frå ein litt våt, men veldig kjekk uteskule. Me gler oss til meir vår og kjekke opplevingar saman. God påske!

17/03/2026
Søknadsfristen vår for skulestart til hausten er 15. februar. På www.olvemontessori.no kan du søkja skuleplass. Ta konta...
12/01/2026

Søknadsfristen vår for skulestart til hausten er 15. februar. På www.olvemontessori.no kan du søkja skuleplass. Ta kontakt for meir informasjon, eller for å sjå skulen.

Borna sin progresjon er individuelt tilpassa innanføre rammene i læreplanen. Me vil byggja på den naturlege lærelysta ein finn hjå alle born, og stimulera til læring og personleg utvikling.

I går hadde me vaskedag, slik me har før juleferien og sommarferien kvart år. Alle elevane hjelper til, og me vaskar i a...
19/12/2025

I går hadde me vaskedag, slik me har før juleferien og sommarferien kvart år. Alle elevane hjelper til, og me vaskar i alle hyllene og tørkar av materiellet. Alle ryddar i eigen boks og på eigen garderobeplass, me kvesser blyantar og støvsuger varmepumpefilter. Dette er ein dag alle set pris på, og det er god ro og mykje læring. No er skulen rein og klar til 2026, og me er snart klare for juleferie. God jul!

På sundag er det klart for TV-aksjonen 2025, og neste fredag spring elevane våre til inntekt for den. Viss du vil bruka ...
17/10/2025

På sundag er det klart for TV-aksjonen 2025, og neste fredag spring elevane våre til inntekt for den. Viss du vil bruka vår digitale bøsse for å støtta TV-aksjonen, finn du den her: spleis.no/olvemontessori God helg!

Hausten er fin! Lufta er skarp og frisk og det er vatn å leika med. Oppdagingane er mange, både inne og ute. Arbeidslyst...
03/10/2025

Hausten er fin! Lufta er skarp og frisk og det er vatn å leika med. Oppdagingane er mange, både inne og ute. Arbeidslysta er stor, og elevane jobbar godt både åleine og saman. God haustferie!

Alle elevane har hatt om sopp både i klasserommet og i skogen. Me har lært oss delane på soppen, laga bok om sopp, forsk...
09/09/2025

Alle elevane har hatt om sopp både i klasserommet og i skogen. Me har lært oss delane på soppen, laga bok om sopp, forska på sopp, plukka sopp, sett på sopp både inni og utanpå, laga plakat om sopp og snakka masse om sopp! Tenk at me har så mykje spanande sopp i nærområdet!

Endeleg er skuleåret i gong med full veke, og den har vore innhaldsrik! Me har vore på tur og ete taco ute. 1. klasse ha...
22/08/2025

Endeleg er skuleåret i gong med full veke, og den har vore innhaldsrik! Me har vore på tur og ete taco ute. 1. klasse har hausta potetene dei sette ned på førskuledagane i vår, og Gruppe 2 laga varmlunsj av dei. 176 poteter fann me, og nokon var kjempestore, medan andre var bittesmå! Elevane har fått høyrt Maria Montessori si fyrste historie om jorda si utvikling, med tilhøyrande eksperiment og vulkan. I tillegg til dette har elevane sjølvsagt jobba mykje og godt i klasserommet. Me gler oss til fortsetjinga, og ynskjer god helg!

Torsdag 14. august kl. 08.15, er me klare for å ynskja velkommen til eit heilt nytt skoleår! Me gler oss til å sjå alle ...
11/08/2025

Torsdag 14. august kl. 08.15, er me klare for å ynskja velkommen til eit heilt nytt skoleår! Me gler oss til å sjå alle att etter ferien, og spesielt kjekt er det med 5 nye fyrsteklassingar.

Adresse

Ølvesvegen 461
Kvinnherad
5637

Åpningstider

Mandag 08:00 - 14:30
Tirsdag 08:00 - 14:30
Onsdag 08:00 - 14:30
Torsdag 08:00 - 14:30
Fredag 08:00 - 14:30

Telefon

+4753487801

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ølve Montessoriskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Ølve Montessoriskule:

Snarveier

Del