Lepsøy skule

Lepsøy skule Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Lepsøy skule, Nettsted for utdanning, Lepsøyvegen 23, Kjerstad.

Sjå gjerne denne videoen som viser oversikt over korleis Lepsøy skule, barnehage, samfunnshus, bibliotek og idrettsanlegg heng saman: https://youtu.be/VUOaoj-A5UA

Den aller siste skuledagen planta elevane dette epletreet ved skulen. Ei fin og symbolsk gåve frå foreldra, som vil minn...
21/06/2024

Den aller siste skuledagen planta elevane dette epletreet ved skulen. Ei fin og symbolsk gåve frå foreldra, som vil minne ungane på at dei alltid høyrer til her på øya vår. ❤️

19/06/2024
23/05/2024
Veldig kjekt at båtsimulatoren vår endeleg er oppe og går! 👍Det har jammen vore ein god del att og fram og mykje jobbing...
25/04/2024

Veldig kjekt at båtsimulatoren vår endeleg er oppe og går! 👍

Det har jammen vore ein god del att og fram og mykje jobbing for å få til dette. Tusen takk til Fagskulen i Ålesund, og til alle som på ulike måtar har vore med på å hjelpe til med frakt og montering. ❤️ Særleg takk til gode Bjørn og Trine, som aldri har gitt opp! 💪

Det er viktig for oss på øyane å bygge opp interesse for maritime fag og utdanning hos dei unge. Her er eit fint verktøy til hjelp for det. 😊

Takk for besøket! :)
17/04/2024

Takk for besøket! :)

Denne veka fekk vi kjekt besøk av småskulen frå Flem, som hadde vore på tur til Øvsteråsa og trengte litt ly for ruskeve...
12/04/2024

Denne veka fekk vi kjekt besøk av småskulen frå Flem, som hadde vore på tur til Øvsteråsa og trengte litt ly for ruskeveret. Det var veldig kjekt! Vi åt mat i lag og leika oss ei god stund.Takk for besøket! ❤️

Kino på gang her i dag. 🙂 Elevane laga invitasjonar til dei eldste i barnehagen, og delte ut pengar til å handle saft og...
16/02/2024

Kino på gang her i dag. 🙂 Elevane laga invitasjonar til dei eldste i barnehagen, og delte ut pengar til å handle saft og popcorn i kiosken. Kjekt å kunne gjere slike ting i lag! ❤️

I dag har vi arbeidd med eventyret om guten som ropte ulv, ulv i 1.-4. klasse. Etter å ha fått høyre eventyret og diskut...
26/01/2024

I dag har vi arbeidd med eventyret om guten som ropte ulv, ulv i 1.-4. klasse. Etter å ha fått høyre eventyret og diskutert moralen i det, arbeidde elevane med å lage dette som teikneserie i Creaza. Kjekt å kunne nytte eit slikt kreativt verktøy i arbeidet vårt! 😊👍

Les gjerne om skulen vår på den nye nettsida til Haram kommune. 😊
05/01/2024

Les gjerne om skulen vår på den nye nettsida til Haram kommune. 😊

Skulen vår ligg flott til på Lepsøya, den første i rekkja av kystperler når du køyrer over brua på Nordøyvegen.

I dag har vi hatt ein svært kjekk og lærerik dag ved Sunnmøre Museum! Der har vi lært mykje om jul i gamle dagar.Først v...
05/12/2023

I dag har vi hatt ein svært kjekk og lærerik dag ved Sunnmøre Museum! Der har vi lært mykje om jul i gamle dagar.
Først var det støyping av lys ute, før vi gjekk inn i Dyb-huset for å bake pepparkaker og gjere litt husarbeid. Pepparkakene vart nok ekstra gode fordi dei vart steikte i ein skikkeleg gammal vedomn. Vi hadde også ei stemningsfull stund i bestestova, med julesong og levande lys i juletreet.
Etterpå åt vi nistemat i kafeen og såg oss litt meir rundt på det flotte området.
Tusen takk til museumspedagogane Ane og Severine / Viti, og til personalet i kafeen som baud på deilig kake. Vi kosa oss stort! ❤️

Her kjem nokre glimt frå skuledagane i haust. 🙂Vi har hatt Astrid Lindgren si verd som overordna tema i ei lang periode,...
16/11/2023

Her kjem nokre glimt frå skuledagane i haust. 🙂
Vi har hatt Astrid Lindgren si verd som overordna tema i ei lang periode, i samband med at Emil feirar 60 år i år. Vi har også vore på kjekt småskuletreff ved Flem skule, og på ein flott konsert ved Haramsøy skule.
Når det gjeld skulebygget, har det fått seg eit strøk maling på nedsida, golvet er slipt og lakka i gymsalen, og vi har fått opp ei basketkorg på motorklubb-huset.

Denne veka har det skjedd mykje kjekt!Torsdag var 3.-4. klasse om bord i Storeggen, ein kopi av ei gammal bankskøyte. De...
22/09/2023

Denne veka har det skjedd mykje kjekt!

Torsdag var 3.-4. klasse om bord i Storeggen, ein kopi av ei gammal bankskøyte. Der fekk dei prøve seg som mannskap og lære mykje om korleis livet var i ein fiskebåt i gamle dager.

Fredag fekk vi besøk av brannbilen og tre av dei kjekke brannkonstablane på øya. Dette er noko både skulen og barnehagen alltid ser fram til når vi har brannvernveke. Tusen takk for at de stiller! 👍

Og i gymsalen har ein mann jobba for fullt med å slipe golv heile veka. Det blir fint!

Adresse

Lepsøyvegen 23
Kjerstad
6292

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lepsøy skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Lepsøy skule:

Snarveier

Del