Kjølsdalen Montessoriskule

Kjølsdalen Montessoriskule Kjølsdalen Montessoriskule er eit pedagogisk alternativ for skuleborn i alderen 6-15 år.

Skulen ligg i Stad kommune, og er samlokalisert med Kjølsdalen Montessoribarnehage. Vi har difor eit montessoripedagogisk tilbod under same tak for 1-15 år.

Kjølsdalen Montessoriskule tek no julefri, og ønskjer alle sine flotte elevar, deira føresette, tilsette, samarbeidspart...
24/12/2025

Kjølsdalen Montessoriskule tek no julefri, og ønskjer alle sine flotte elevar, deira føresette, tilsette, samarbeidspartnarar og elles interesserte i skulen ein retteleg god jul.

Det har vore ein hektisk, men givande desember.
Med øvingar, samlingar, framføringar og opptreden til siste stund. Ein heldig elev fekk óg med seg eit gåverkort til innkjøp av valfri bok, etter ein spennande og engasjerande “finn julenissen”-konkurranse i og rundt skulebiblioteket. Igangsatt av montessoripedagog og leseentusiast Heidi Beate.

Til denne juleferien ønskjer vi ekstra god jul til mangeårig trygg og heilt utrulig presise bussjåfør for elevar i Kjølsdalen og bygdene rundt; Geir Strømmen. Siste skulebusskøyring før pensjonisttilhøvet vart gjennomført fredag 19. desember. FAU og skulen hadde overraskelser på lur då siste tur skulle gå, og desse vart overrekt av elevar som set pris på Geir som sin sjåfør.

Tusen takk for din innsats for våre barn og ungdomar Geir!

God jul til alle saman!

Skuleelevane våre syng mykje. Ikkje fordi alle av dei heile tida har så lyst. Mange syng fordi dei elskar det. Nokre syn...
21/12/2025

Skuleelevane våre syng mykje. Ikkje fordi alle av dei heile tida har så lyst. Mange syng fordi dei elskar det. Nokre syng fordi lærarane og rektoren har det med å leggje opp til litt sang i kvardagen...

I heile desember har vi samla oss, 1.-10. trinn, til litt sang og anna i halvtime før anna arbeid. Det samlar, det gjev tryggleik og det skapar rutine og ramme.

Fire av dei songane elevane har sunge gjennom heile desember sang 25 av dei 56 elevane på julekonserten i Kjølsdalen kyrkje i dag 21. desember. Og sjølvsagt sang dei “berre” slik dei alltid gjer når dei kan songane godt: Energisk, sterkt og med “feeling”. Så fekk dei seg fire gode applausar, mange godord frå foreldre, tantar, onklar, besteforeldre og “einkvann annan”, så har dei vakse endå nokre hakk i sjølvbilete og sjølvrespekt.

Sang, musikk og annan scenekunst har ein tendens til å gjere det. Meir enn dei fleste prøver og testar har…

Riktig god og fredfull jul til alle våre elevar, nærmiljøet og følgjarar her på Facebook elles.

Kanskje går det ei musikalsk åre frå Reksnes i aust til Lefdal i vest. I kveld skapte i alle fall kulturbygda Kjølsdalen julemagi i kyrkja.

Tusen takk for hjelpa frå frivillige i Kjølsdalen Sanitetsforeining på to trivelege og fine juleverkstad-dagar for eleva...
12/12/2025

Tusen takk for hjelpa frå frivillige i Kjølsdalen Sanitetsforeining på to trivelege og fine juleverkstad-dagar for elevane på skulen vår. Det er i sanning dagar med mykje glede, kreativitet, skaparkraft, meistring og hjelp til små elevar frå dei større.

Nettverkssamling i Loen for Montessori Nordvest. og  frå .no med gode økter og workshops for 100 Montessoriere.
07/11/2025

Nettverkssamling i Loen for Montessori Nordvest.
og frå .no med gode økter og workshops for 100 Montessoriere.

1. november (førstkomande laurdag) er endeleg søknadsfrist for ordinært inntak ved skulen vår fornskuleåret 2026/27. Ta ...
27/10/2025

1. november (førstkomande laurdag) er endeleg søknadsfrist for ordinært inntak ved skulen vår fornskuleåret 2026/27. Ta kontakt med rektor/dagleg leiar Thomas Hals på 482 10 865 eller 924 41 035 ved spørsmål.

1. november (førstkomande laurdag) er endeleg søknadsfrist for ordinært inntak ved skulen vår fornskuleåret 2026/27. All...
27/10/2025

1. november (førstkomande laurdag) er endeleg søknadsfrist for ordinært inntak ved skulen vår fornskuleåret 2026/27. Alle må søkje plass, også dei som bur i “gamle Kjølsdalen krins”. Gå inn på heimesida til skulen på www.kjolsdalenmontessori.no der ein finn informasjon om skulen og søknadsskjema til nedlasting.

Ta kontakt med rektor/dagleg leiar Thomas Hals på 482 10 865 eller 924 41 035 ved spørsmål.

Kjølsdalen Montessoriskule ønskjer alle ein god, fredeleg FN-dag i dag 24. oktober. Så ønskjer vi vårt tidlegare styreme...
24/10/2025

Kjølsdalen Montessoriskule ønskjer alle ein god, fredeleg FN-dag i dag 24. oktober. Så ønskjer vi vårt tidlegare styremedlem og del av oppstarten av skulen, Heidi Berstad, til lukke med dagen i dag. Og til slutt: Lukke til med festen i kveld alle medlemmar i Trekløveret 4H.

Skulen samla seg ute ved flaggstanga på morgonen den 24. oktober. Her sang vi "Fred på Jord" med tekst av Maria Montessori. Så heiste rektor og to representantar frå elevrådet FN-flagget i stanga. Fred og fredsarbeid har vore oppe i mange samanhengar siste veka. Dette er eit viktig, o...

Søknadsfristen for skuleplass for nye elevar ved skulen frå skuleåret 2026/27 av nærmar seg.Fristen er 1. november - og ...
14/10/2025

Søknadsfristen for skuleplass for nye elevar ved skulen frå skuleåret 2026/27 av nærmar seg.

Fristen er 1. november - og den er endeleg.

Søknad om skuleplass gjeld alle som ønskjer det - også for dei barna som bur i "gamle Kjølsdalen krins".

Klikk inn på skulen si heimeside for meir info, og for nedlasting av søknadsskjema.

Søknadsfristen for skuleplass for nye elevar ved skulen frå skuleåret 2026/27 av nærmar seg. Fristen er 1. november - og den er endeleg. Søknad om skuleplass gjeld alle som ønskjer det - også for dei barna som bur i "gamle Kjølsdalen krins".

Vi har eit hønsehus som vi er veldig glade i, og hønene våre er viktige for både små og store i skulekvardagen. Men no h...
03/09/2025

Vi har eit hønsehus som vi er veldig glade i, og hønene våre er viktige for både små og store i skulekvardagen. Men no har små rovdyr klart å kome til hønene, og vi innser at vi er nødt til å gjere litt tiltak for å få bukt med utfordringa med at små, men glupske rovdyr kan kome seg inn og ut av huset. Difor ønskjer vi veldig gjerne å gje vekk 7 høner og den stolte hane - permanent. Om nokon gjerne kan låne "på ubestemt tid" så kan vi sjølvsagt ta tilbake høner når boligen deira er klare for det. Men vi innser at sjølv om vi no gjer tiltak med å få has på inntrengarane så må vi få sikra hønsehuset skikkeleg om våre fjærkre skal kunne slappe av og vi rundt dei det same.

Ta kontakt med skulen på telefon 57 86 49 50 eller 482 10 865 eller 924 41 035 om de har sjans og lyst til å adoptere ei høne eller fleire og kanskje ein hane.

Gratulerer med dagen Maria Montessori! Vi i Kjølsdalen prøver kvar dag å etterstrebe dei pedagogiske prinsippa du gjenno...
31/08/2025

Gratulerer med dagen Maria Montessori!

Vi i Kjølsdalen prøver kvar dag å etterstrebe dei pedagogiske prinsippa du gjennom eit langt liv undersøkte, prøvde ut og forska vidare på, for stadig å utvikle aldersgruppene som kunne få potensialet sitt oppfylt best mogleg.

I dag fekk vi storfint besøk for aller siste gong i arbeids medfør - frå Einar Totland frå Totland Kontorspar/Norli Nord...
29/08/2025

I dag fekk vi storfint besøk for aller siste gong i arbeids medfør - frå Einar Totland frå Totland Kontorspar/Norli Nordfjordeid.

Ein representant for trygg og pålitelig handel gjennom alle våre no 12 år som skule.

Aldri påtrengande, alltid oppteken av at kunden får det den skal ha.

No er du pensjonist og det nyter du nok til fulle!

Takk for all god rådgiving, langvarige leitetokter i allskens varelister etter rette varen, og dei mange kjekke pratene både ved disken på Eid eller ved levering i Kjølsdalen.

Vi kjem til å sakne ditt blide og hjelpsame åsyn i arbeidskvardagen!

Vi har nokre slike kontorpulter som vi no bytar ut med meir ergonomiske pulter. Dersom nokon kan sjå nytten i slike så g...
11/08/2025

Vi har nokre slike kontorpulter som vi no bytar ut med meir ergonomiske pulter. Dersom nokon kan sjå nytten i slike så gir vi vekk mot at dei vert henta.
Ta kontakt med rektor/dagleg leiar Thomas på tlf 924 41 035

Adresse

Daltunvegen 19
Kjølsdalen
6776

Åpningstider

Mandag 07:30 - 15:30
Tirsdag 07:30 - 16:30
Onsdag 07:30 - 15:30
Torsdag 07:30 - 15:30
Fredag 07:30 - 15:30

Telefon

+4757864950

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kjølsdalen Montessoriskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Kjølsdalen Montessoriskule:

Snarveier

Del