Sørestranda skule og SFO

Sørestranda skule og SFO Sørestranda skule er ein barneskule for 1.-7.klasse i Sykkylven kommune

15/05/2024

Velkomen til førskuledag på Sørestranda skule og SFO den 30.05.24 kl. 09.00!

Velkomen til innskriving på Sørestranda skule og SFO den 15.02.2024!
26/01/2024

Velkomen til innskriving på Sørestranda skule og SFO den 15.02.2024!

Ikkje for å skryte, men vi vant igjen, vi!✌️⚽️🥳
15/06/2023

Ikkje for å skryte, men vi vant igjen, vi!✌️⚽️🥳

Vår på Sørestranda 🌸
24/05/2023

Vår på Sørestranda 🌸

Denne veka har foreldregruppa ved Sørestranda gitt jernet og lagt ned mange dugnadstimar. Resultatet er eit nyrydda, far...
12/05/2023

Denne veka har foreldregruppa ved Sørestranda gitt jernet og lagt ned mange dugnadstimar.
Resultatet er eit nyrydda, fargerikt og innegjerda skuleområde som små og store elevar kan boltre seg på 🤩🥰
Tusen takk for innsatsen!!
No håper vi at de alle tek velfortjent helg og nyt vårveret 🌸

Tinestafetten 2023!🏃🏃‍♀️🏃🏃‍♀️🏃Etter mykje planlegging, møter og telefonar mellom initiativtakarane Olav A, Ole M og Ole ...
09/05/2023

Tinestafetten 2023!🏃🏃‍♀️🏃🏃‍♀️🏃

Etter mykje planlegging, møter og telefonar mellom initiativtakarane Olav A, Ole M og Ole T, gjekk den 30. Tinestafetten av stabelen på Ikornnes idrettspark i dag.

5.-7.klassingane frå alle skulane i heile bygda kom syklande for å delta, og 200m på løpebana gjekk unna i rasande og imponerande fart!
Elevane fekk utdelt like t-skjorter, hadde med seg bannerar og flotte heiarop.

Nokre foreldre stilte som heiagjeng, og attpåtil var vi også så heldige at sjølvaste ordføraren, Odd J, kom for å heie dei sporty elevane i mål 🤩

Som speaker fekk vi med oss ein pensjonert skulebonde, Otto-M, med mykje på hjartet - takk for innsatsen!🎤

Til lunsj fekk alle høve til å grille medan vi hørte på kul musikk og praten gjekk. Veldig kjekt å få vere i lag med elevar frå alle skular og bli betre kjend 🥰🎶

Etter pausen var det superfinale, der vinnarane i dei ulike klassane konkurrerte mot kvarandre.

Ein super dag, stor stemning, nye vennskap og forhåpentligvis gode minner!🤩🏃‍♀️🏃🥳

I dag var det tid for å avrunde batterijakten på ekte.4.klasse sykla til Jarnes for å levere frå seg over 125kg innsamla...
03/05/2023

I dag var det tid for å avrunde batterijakten på ekte.
4.klasse sykla til Jarnes for å levere frå seg over 125kg innsamla batteri til gjenvinning. Desse har dei samla frå familie og vennar, teipa polane og sortert etter type.

På Jarnes vart dei møtt av kjekke karar som viste dei rundt, fortalde om forskjellige prosessar og demonstrerte både det eine og andre.
Utrulig kjekt og lærerikt!🤩👏

Tusen takk til 4.klasse for innsatsen, og tusen takk for at vi fekk så god innføring i viktig og berekraftig arbeid!

"I dag står flaggstangen naken", men de kan tru vi gler oss over at den endelig er på plass!!No vi ser fram til at flagg...
13/04/2023

"I dag står flaggstangen naken", men de kan tru vi gler oss over at den endelig er på plass!!
No vi ser fram til at flagget skal til topps!!!🥰🇧🇻

Førre fredag arrangerte FAU påskedisco for storskulen. Vi dansa jenka, macarena og fugledansen til krampa tok oss, berre...
07/04/2023

Førre fredag arrangerte FAU påskedisco for storskulen.
Vi dansa jenka, macarena og fugledansen til krampa tok oss, berre avbrutt av kjekke og spennande konkurransar langs med.
Ei stor krukke med pastaskrua der ein skulle gjette antal var hovudattraksjonen, og den som var nærast svaret vann ett stort påskeegg👍
Kjempekjekt!!🐣🐇🐣

Siste innspurt i batterijakten!Har DU brukte batteri liggande i skuffer og skap heime? Då vil 4.klasse gjerne ta i mot o...
28/03/2023

Siste innspurt i batterijakten!
Har DU brukte batteri liggande i skuffer og skap heime? Då vil 4.klasse gjerne ta i mot og levere dei til gjenvinning for deg.

Brukte batteri kan leverast til Sørestranda skule i skuletida ut denne veka!👌🏼
Anten til ein 4.klassing, lærar Therese eller ein annan vaksen ved skulen 😊

Ver med på å gjere ein innsats for miljøet!

I dag tok lærar Marita med seg 3.klassingane ut i kunst og handverk for å arbeide med læremålet "eksperimentere med form...
22/03/2023

I dag tok lærar Marita med seg 3.klassingane ut i kunst og handverk for å arbeide med læremålet "eksperimentere med form, farge og kontrastar".
Mange flotte kunstverk skapt av små, ivrige hender 👏❄️⛄️

Adresse

Ikornnesvegen 15
Ikornnes
6222

Åpningstider

Mandag 09:00 - 17:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4799522440

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sørestranda skule og SFO legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Sørestranda skule og SFO:

Snarveier

Del

Type