20/01/2025
Arrangerer Lærlingtreff i Kvinnherad Arena
20. februar blir det arrangert Lærlingtreff for alle lærlingar i Kvinnherad Arena kl 18-20
Bak arrangementet er det ei samla gruppe beståande av Kvinnherad kommune, Kvinnherad Næringsservice, Norsk Hydro og Opplæringskontoret for Sunnhordland
Gruppa ynskjer å skapa ein møteplass som har ein samanheng med KNS Ung då ei samla erfaring er at det er mange unge som saknar ein møteplass.
Dette er eit arrangement som vil komma fleire gonger. Det vil bli ulike tema på desse samlingane, og denne første samlinga vil vi få Sparebank 1 Sør-Norge til å komma å snakka om kvifor kvardagsøkonomi viktig og verdien av eit personleg budsjett.
Det blir servert pizza og tid til å prata.
Frivillige organisasjonar som tilbyr fritidsaktivitetar blir og invitert til å ha stand for å visa litt kva fritidsmuligheter som finns.
Bildet frå venstre: Gunn Hege Nyrud, (Kvinnherad kommune), Bente Marie Sjo (KNS), Grete Solheim (Kvinnherad kommune), Tor Thorsen (Hydro Husnes), Torill Kleven og Anita Osmundsen (Begge Opplæringskontoret for Sunnhordland)
Svein Røssland frå Hydro Husnes kunne vera tilstades på møtet denne dagen.