Bigset skule

Bigset skule Barneskule 1.-7.klasse

SAMAN FOR FRAMTIDA🌎I dag har vi gjennomført   på Bigset skule. Elevane har i fleire veker jobba med den sjølvkomponerte ...
04/06/2026

SAMAN FOR FRAMTIDA🌎
I dag har vi gjennomført på Bigset skule. Elevane har i fleire veker jobba med den sjølvkomponerte førestillinga «Saman for framtida». Fortellinga tek utgangspunkt i korleis vi menneske er i ferd med å øydelegge naturen og jorda vår med plast og forsøpling. Korleis kan vi klare å snu dette? På scena såg vi «besta» gi gode råd, som å:
✅ forbruke mindre
✅ reparere det som blir øydelagt
✅ plukke søppel i naturen
✅sortere og gjennvinne søppelet vårt

Med fengande songar frå mellom anna , blei det heile ei superfin forestilling🤩👏🙌.

Etter forestillinga stilte foreldregruppa med aktivitetar og noko godt å bite i. Nydelig saft sponsa av Brenne blei også servert.

Grøn superdag-veka har også vore fylt med andre kjekke aktivitetar, som innsekststelling, kunstverk av småkryp, og ikkje minst klesbyttedag🙌. Elevane hadde med seg klede og utstyr som dei hadde vokse ifrå. For kvart plagg dei leverte inn, fekk dei ein lapp som dei kunne bytte inn i «nye» klede. Veldig kjekt å sjå kor elevane kosa seg med å finne seg «nye» brukte skattar🥰.
Takk til alle som har bidrege til ein super grøn superdag💚.

Bigset skule - vi er med på   ilag med Sparebanken Møre🙌
29/05/2026

Bigset skule - vi er med på ilag med Sparebanken Møre🙌

Korpset er ein svært viktig kulturbyggar i bygda vår, og mange av borna på skulen har stor glede av å lære seg eit instr...
18/05/2026

Korpset er ein svært viktig kulturbyggar i bygda vår, og mange av borna på skulen har stor glede av å lære seg eit instrument🪊🎺🥁- og å høyre til i fellesskapet🥰.
Håpar de støttar opp om korpset sin pantedugnad i morgon👍

🇳🇴🥁Ingen 17. mai utan korps!🎶🇳🇴

Folk i krinsen kan gle seg til dei flinke musikantane våre skal i aksjon på nasjonaldagen i morgon.👏

Men å drive korps er jo ikkje gratis. Tradisjon tru arrangerer difor Bigset skulekorps pantedugnad etter 17. mai. I år blir det tysdag 19. mai frå kl. 18.00.

Så no er det berre å samle all fest-pant og levere til musikantane når dei kjem!🙂

(Er du ikkje heime kan du henge panten på døra. Om du har planlagt å levere til oss utan at vi kjem oss til deg, så ta kontakt under, så kjem vi i etterkant!)

På førehand: tusen takk!🙏

Vi ynskjer alle følgarar, små og store, ei flott 17.mai-feiring🇳🇴 - “fylt av glede for landet vårt”🎶❤️.
17/05/2026

Vi ynskjer alle følgarar, små og store, ei flott 17.mai-feiring🇳🇴 - “fylt av glede for landet vårt”🎶❤️.

Endeleg skin sola att, og det er deilig å vere ute. Mange av klassene har i dag vore ute for å gjere området rundt skule...
11/05/2026

Endeleg skin sola att, og det er deilig å vere ute. Mange av klassene har i dag vore ute for å gjere området rundt skulen klart til 17.mai. Kvitveisen står i full blom langs vegane og det er fint å sjå. Det som ikkje er fint å sjå, er kor mykje søppel folk kastar frå seg. Vi har i dag plukka søppel, som andre av ein eller annan (dårleg) grunn har kasta frå seg på stader det ikkje skal vere. Takk til alle elevane på Bigset skule som har gjort ein super jobb! Konklusjonen var: folk må skjerpe seg!!

I dag har energiske og flinke foreldre ved Bigset skule starta arbeidet med å renovere ballbingen vår🙌. Ballbingen har s...
29/04/2026

I dag har energiske og flinke foreldre ved Bigset skule starta arbeidet med å renovere ballbingen vår🙌. Ballbingen har stått i 25 år- i all slags vind og ver💨🌦️, utan altfor mykje pleie og omsorg….No var det på tide å starte rivinga av den verslitte bingen. ♻️ stilte med utlån av kontainera, slik at vi på trygt og forsvarleg vis kan kvitte oss med gammalt trevirke og bunndekke. Vi er umåteleg glade for støtta!
Skal vi få på plass ny ballbinge, til glede for alle born og ungdomar på Bigset, treng vi fleire støttespelarar og sponsorar. Vi håpar og trur at vi kjem i mål🥅⚽️🤞.
Kjekke og dyktige foreldre ved skulen har også «shina» skuleområdet til maidagane som ligg føre oss🇳🇴🌱. Bedda er reinska, uteområdet er kosta og plantekasser er kome på plass. No gler vi oss til å møte våren🌸.

TUSEN TAKK til alle som møtte på dugnad i dag- dokke er gull verdt🫶.

Ein annleis og kjekk skuledag🤩. Takk til   som har gjort dette mogeleg🫶
23/04/2026

Ein annleis og kjekk skuledag🤩.
Takk til som har gjort dette mogeleg🫶

Sjetteklassingane frå Bigset skule fekk ein dag utanom det vanlege i Volda.

Diameter, radius, rotasjon, omkrins,  centimeter, pi, 90 graders vinkel… ja, kva var eigentleg det? Dette er omgrep elev...
21/04/2026

Diameter, radius, rotasjon, omkrins, centimeter, pi, 90 graders vinkel… ja, kva var eigentleg det? Dette er omgrep elevane ofte møter på skulen. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å hugse alle desse tinga. Alle som går i 6.klasse på skulane i Hareid kommune er så heldige at vi får besøke Newton-rommet i Volda. Det er eit klasserom med mange kjekke aktiviteter, der elevane får jobba med realfaga. Ulike opplegg for elevar på alle trinn, heilt frå 1.til 10.klasse 🤩 I dag var det Bigset skule sin tur til å reise på tur, og elevane har forska, rekna, samarbeidd, prøvd og feila for å løyse ulike oppgåver!
Takk for at vi fekk kome!
Og om vi er heldige, så kanskje vi kan få til noko slikt her med oss også 😍

Newton
Vekst i Hareid

Når vi får slike fine dagar som i dag, er det ekstra fint på tur. Først ein sykkeltur til Hareid, for så ein tur opp til...
17/04/2026

Når vi får slike fine dagar som i dag, er det ekstra fint på tur.
Først ein sykkeltur til Hareid, for så ein tur opp til Håbakknotten for å sjekke utsikta. Kan ikkje bli betre! 🤩

🤡 Karneval 🥷Tradisjon tru arrangerer FAU karneval på Bigset skule veka før vinterferien. Småskulen møtte fyrst til leika...
11/02/2026

🤡 Karneval 🥷
Tradisjon tru arrangerer FAU karneval på Bigset skule veka før vinterferien. Småskulen møtte fyrst til leikar og konkurranser i gymsalen, før storskulen tok over stafettpinnen og samla seg på klasseroma til speling og konkurranse.

Føresette vart oppfordra til å bli med, gjerne utkledd, for ein kopp kaffi og god prat. Det vart ein kjekk og sosial kveld, og mange flotte kostyme å sjå! 🤩

Adresse

Langerysta 5
Hareid
6060

Åpningstider

Mandag 07:30 - 16:30
Tirsdag 07:30 - 16:30
Onsdag 07:30 - 16:30
Torsdag 07:30 - 16:30
Fredag 07:30 - 16:30

Telefon

+4770037660

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bigset skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Bigset skule:

Snarveier

Del