Hareid skule

Hareid skule Hareid skule har omlag 250 elevar i 1. - 7.trinn, har skulefritidsordning og ligg i sentrum av Hareid kommune.

I dag samla delar av SFO seg i aulen for å følgje gravferda til Kong Harald. 🇳🇴For oss handla dette ikkje berre om å sjå...
09/09/2026

I dag samla delar av SFO seg i aulen for å følgje gravferda til Kong Harald. 🇳🇴

For oss handla dette ikkje berre om å sjå ei sending på skjerm, men om å vere ein del av eit viktig kapittel i historia vår. Borna fekk ta del i ei nasjonal hending som mange kjem til å hugse og sjå tilbake på, og som dei ein dag kan seie: «Det hugsar eg, det fekk eg vere med på!»

Gjennom slike felles opplevingar lærer borna om tradisjonar, fellesskap og samfunnet dei er ein del av❤️

🎨 Kreativ avslutning på veka! 🌿I kunst og handverk har vi brukt kreativiteten og laga kunst med naturen som inspirasjon....
04/09/2026

🎨 Kreativ avslutning på veka! 🌿

I kunst og handverk har vi brukt kreativiteten og laga kunst med naturen som inspirasjon. Ein kjekk og leiken måte å avslutte veka på! 🌼💦

God helg i frå Hareid skule! 💛

Kong Harald❤️Elevane og dei tilsette samla seg til flaggheising, og gjennom dagen har det vore mange og gode samtalar. M...
28/08/2026

Kong Harald❤️

Elevane og dei tilsette samla seg til flaggheising, og gjennom dagen har det vore mange og gode samtalar.
Mange av klassene gjekk også til kyrkja for å høyre kyrkjeklokkene ringe, tenne lys, legge ned helsingar og teikningar, og skreiv seg inn i kondolanseprotokollen.
Dette vart ein trist dag, men også ein dag der elevane fekk vere med på å skape historie.

Kvil i fred, Kong Harald❤️

Velkomen til eit nytt skuleår på Hareid skule! Vi gler oss til å møte både nye og kjende elevar måndag.2.–7. trinn start...
13/08/2026

Velkomen til eit nytt skuleår på Hareid skule!

Vi gler oss til å møte både nye og kjende elevar måndag.

2.–7. trinn startar kl. 08.15. Elevane møter ute på skuleplassen på sine tilviste plassar.

I år tek vi imot 29 førsteklassingar. Dei møter kl. 09.00 saman med føresette ved flaggstonga, der vi markerer skulestarten med flaggheising.

Vi ønskjer alle elevar og føresette ein fin og god skulestart!

Måndag 17. august startar eit nytt skuleår i Hareid kommune. Dei kommunale skulane tek i år imot 56 nye førsteklassingar. Her finn du informasjon om oppmøtetid og stad for første skuledag.

🇳🇴🎶☀️I dag flaggar vi av fleire grunnar! Vi kjenner på pur glede over kva vi får til når vi arbeider i lag, og over å få...
17/06/2026

🇳🇴🎶☀️
I dag flaggar vi av fleire grunnar! Vi kjenner på pur glede over kva vi får til når vi arbeider i lag, og over å få vise fram det mangfaldige laget vårt som løftar kvarandre til å yte sitt beste, og vi feirar sjølvsagt landslagssigeren og vår eigen heimbygding, Fredrik Aursnes.

I går samla vi over 1000 publikummarar i strålande sol, med heile 280 barnerøyster som fylte Hareid med song, dans og ekte sommarstemning. Med så mykje flott korsong kan vi med rette kalla oss Korbygda Hareid – og det var ikkje eit snev av beskjeden stoltheit å spore på Hareid skule i dag!

Rikspressa var på plass for å dekke VM-feberen i bygda – og ja, den kjenner vi sjølvsagt godt på vi også! Med sol, VM-feber og eit publikum i toppklasse låg alt til rette for ei heilt fantastisk oppleving i sentrum av Hareid i går.

Dette var samspel, meistring og fellesskap på sitt aller beste. Tusen takk til alle som bidrog til ein kveld vi kjem til å bere med oss lenge!😍☀️

Stor takk til Anton Tonev for scene og lyd🤩

🎶⚽ Ein stor dag for Hareid!Klokka 17 inviterer Hareid skule til sommarkonsert i Åsendalen, medan Hareid-guten Fredrik Au...
16/06/2026

🎶⚽ Ein stor dag for Hareid!

Klokka 17 inviterer Hareid skule til sommarkonsert i Åsendalen, medan Hareid-guten Fredrik Aursnes same dag debuterer i VM på den største fotballscena av alle.

Lukke til, Fredrik – og god sommarkonsert til elevar, tilsette og publikum i Åsendalen! 🌞👏🇳🇴

🌈 Vi er litt av alt – akkurat slik vi likar det!Denne veka har vi fokus på mangfald. For kva hadde Hareid skule vore om ...
08/06/2026

🌈 Vi er litt av alt – akkurat slik vi likar det!

Denne veka har vi fokus på mangfald. For kva hadde Hareid skule vore om alle var like?
Her skal det vere plass til alle, og for å få det til å fungere, må vi jobbe saman!

🎶 Tysdag 16. juni inviterer vi til sommarkonsert i Åsendalen.
Vi gler oss til å fylle Hareid med lyd, latter, song og musikk!

Då får de sjå kva vi kan få til i lag når vi arbeider saman. 🎶

02/06/2026

Det var i alle fall ein gjeng klar for ungdomsskulen😉 7.trinn kombinerte bedriftsbesøk med Tussa og uteskule på Nessetelva sist fredag. Takk for vi fekk kome.🤩☀️

16/05/2026

🇧🇻GRATULERER MED NASJONALDAGEN🇧🇻

Nye generasjonar, anten vi kjem herifrå eller derifrå, syng stolt til ære for Noreg og den norske Grunnlova. Fridom, demokrati, likskap og tillit – verdiane som bind oss saman og ber oss vidare ❤️

7.trinn har dei siste tre vekene arbeidd med gruppearbeid i norsk med temaet «Tekstar som påverkar». I dag blei prosjekt...
13/05/2026

7.trinn har dei siste tre vekene arbeidd med gruppearbeid i norsk med temaet «Tekstar som påverkar». I dag blei prosjektet avslutta med storstilt premiere under «Gullfisken 2026»! 🎬✨

Her fekk vi sjå kreative reklamefilmar frå dei nyskapa reklamebyråa, med alt frå Adidas-sko, Potys potetgull til Lano, Lindas kantine og mykje meir.

Elevane har jobba med digitale verktøy, skodespel, logoar, verkemiddel i reklame – og ikkje minst det å halde presentasjonar framfor publikum. Med både jury og popkorn på plass blei det ekte feststemning i aulaen 🍿🏆

Vinnargruppa gjekk sjølvsagt heim med sitt eige Gullfisken-trofé! 🐟

Ei kjekk stund saman før langhelga ☀️

Adresse

Drammensvegen 14
Hareid
6060

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4770037630

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Hareid skule:

Snarveier

Del