13/03/2026
Nokre gonger skjer den aller beste læringa når vi smir medan elevane er engasjerte. 🔥
I dag starta dagen heilt enkelt med frileik med LEGO. 🧱 Elevane bygde, samarbeidde og diskuterte ivrig rundt borda. Etter kvart oppstod det noko spennande: Bygginga utvikla seg til ein heil by. Hus, vegar og ulike bygningar vaks fram, og elevane byrja sjølve å snakke om kva ein by eigentleg treng.
Då gjeld det å gripe augeblikket som lærar.
Vi byrja å undre oss saman:
🚧 Kva er infrastruktur?
👮 Kvifor treng vi politistasjon i eit samfunn?
🏪 Kvifor treng vi butikkar?
🍽️ Kvifor finst det restaurantar i ein by?
☕ Kvifor har vi kaféar?
🎬 Kvifor går folk på kino?
🔧 Kvifor treng vi bilverkstad?
🐶 Kvifor er det viktig med dyrlege?
Plutseleg sat vi midt i fleire kompetansemål i samfunnsfag for 3.–4. trinn, mellom anna å:
• utforske kva som kjenneteiknar gode lokalsamfunn
• samtale om korleis menneske organiserer seg i samfunnet
• beskrive viktige funksjonar i samfunnet og kvifor dei er nødvendige
Gjennom LEGO-byen fekk elevane utforske korleis eit samfunn heng saman. Dei samarbeidde, forklarte tankane sine og diskuterte kvar bygningane burde liggje for at byen skulle fungere best mogleg. 🤝
Og slik vart ein dag som starta med frileik, til ein dag full av læring.
Av og til skjer læring ikkje fordi vi planlegg ho ned til minste detalj.
Ho skjer fordi vi stoppar opp, lyttar til elevane – og byggjer vidare på engasjementet deira.
Ein heil dag med LEGO, latter og nysgjerrige tankar om korleis eit samfunn fungerer. 🧱✨