Herøy kulturskule

Herøy kulturskule Herøy kulturskule har over 400 elevplassar, og med dyktige og dedikerte lærarar har vi stor aktivitet gjennom heile skuleåret. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR?

Kultur bygger forståing og samhandling mellom mennesker, og er ein av byggesteinane til eit godt lokalsamfunn. 𝗙𝗔𝗖𝗘𝗕𝗢𝗢𝗞-𝗥𝗘𝗧𝗡𝗜𝗡𝗚𝗦𝗟𝗜𝗡𝗝𝗘𝗥
Velkomen til Herøy kulturskule si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon, kjekke glimt frå kulturskulen og av og til innlegg med ein god dose humor. Generell informasjon blir også delt på nettsidene våre. Denne Facebook-sida er drifta av kulturskulen. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er din eigen policy like viktig som kulturskulen sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.»

Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. JA TAKK! Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Oversikt over kontaktinformasjon finn du på nettsida: www.heroykulturskule.no
Vi kan ikkje sakshandsame her på Facebook. Slike meldingar må du sende til [email protected] eller til den enkelte lærar. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og medier står i for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og tenester, blir også fjerna. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Send oss ein e-post på [email protected] eller direkte her på Facebook. Herøy, oktober 2022

17/05/2026

Ein liten kar som imponerte på 17.mai🇳🇴
Sande kulturskule, M&R

13/05/2026

Her er Elina med ein nydelig versjon av Erik Bye sin "Vår beste dag".
Håvard Voldnes på piano

13/05/2026

Det var mange som imponerte med flotte talent på årets The Greatest Show.

Her er Karoline og Helle med K-Pop og låta We Go up. Korleis dei greier å få med alle orda så fort, er nok ei gåte for oss som er litt meir "aldrande" :-)

13/05/2026

The Greatest Show 2026 på laurdag vart ein stor suksess!

Tusen takk til Birgitte, Marianne, Aina, Nasko, Håvard og Knut Vegar for eit svært flott gjennomført arrangement.

Og ikkje minst: Tusen takk til alle elevane som øver og arbeider gjennom heile skuleåret for å bli trygge nok til å stå på scena framfor eit stort publikum. Det står det stor respekt av!

På det siste nummeret, då Lukas song solo på låta Shotgun saman med resten av elevane, kom det også ein sprudlande gjeng med dansarar inn på scena. Desse førebur seg no vidare fram mot Be’glorious 13. juni.

På denne filmsnutten kan de sjå korleis «gutane» prøver å flørte med jentene på scenekanten 😄

Då er billettane til Be'GLORIOUS 2026 lagt ut her:https://www.fosnavagkonserthus.no/beglorious-q8b7cn/Vi anbefalar å kjø...
11/05/2026

Då er billettane til Be'GLORIOUS 2026 lagt ut her:
https://www.fosnavagkonserthus.no/beglorious-q8b7cn/

Vi anbefalar å kjøpe billettar tidleg for å sikre seg gode plassar :-)

Show 1 - kl. 13:30:
Her får du sjå både dei yngste og eldste dansarane på scena Det blir fullt av energi, danseglede og små og store stjerner som gler seg til å få applaus. I tillegg kjem flinke song og musikkelevar og lagar god stemning. Dette blir eit show med masse liv og røre!

Show 2 – kl. 17:00:
Her får du Be’glorious slik du kjenner det – med dans, song, musikk og eit fantastisk liveband! Over halvparten av numra er samarbeid mellom dans og levande musikk, og bandet spelar til og med eigenkomponerte låtar.

Kunstutstilling:
Kunstelevane stiller ut arbeida sine heile dagen – så kom innom og sjå kva dei har laga!

Ta turen og hei fram alle dei flinke deltakarane – dette vil du ikkje gå glipp av!

Pris billettar:
Vaksne kr. 225,-
Born/ungdom u/18 år: kr. 50,-

Vi minner om konserten "The Greatest Show" på Fosnavåg konserthus førstkomande laurdag 9.mai kl 1800.Det er fortsatt led...
05/05/2026

Vi minner om konserten "The Greatest Show" på Fosnavåg konserthus førstkomande laurdag 9.mai kl 1800.

Det er fortsatt ledige billettar, så ta med deg heile familia og få ei flott oppleving med elevar frå kulturskulen. Dei har øvd lenge på dette programmet og er spenna klar til konsert og show på den flotte scena i konserthuset.

Lyd og lys er det Torgrim Skjerdal som tek seg av og ansvarleg for prosjektet er songlærar Birgitte Vik Wymer.

Her kan du finne billettar: https://www.fosnavagkonserthus.no/the-greatest-show-2026-mo4j8a3/

29/04/2026

Her er nokre glimt frå MiniFolkeMusikkFestivalen som vart arrangert helga 17.–19. april. Ei helg fylt med aktivitet, kursing, dansing, konsertar og godt sosialt samvær.

Programmet baud mellom anna på konsert med Kvernberg/Bjørdal, dans for unge vaksne i Redarrommet, «Torader & kaffi» på Madelynn, konsert med Ivar Aasen spel-og dansarlag frå Ålesund ved Herøy omsorgsenter og Valldal spelemannslag på Eggesbøtun. I tillegg var det fleire flotte konsertar både i Fosnavåg konserthus og på Runde Miljøsenter.

Elevane som var med frå Herøy og Sande kulturskular fekk ei opplevingsrik helg med mykje inspirasjon og gode minne.

Ein stor takk til fiolinlærar Andrine Longva Kopperstad for eit framifrå gjennomført arrangement, i godt samarbeid med Fosnavåg konserthus.

28/04/2026

Folketonen Meita frå Folkestad, her i ein moderne vri med Birdie Pirat aka Bjørn Tore Øvrelid, Erlend Viken trio, Øyrafolk og Havella med elevar frå Herøy kulturskule :-)

Fredag blir reine kulturkvelden når Erlend Viken trio kjem til Fosnavåg konserthus. Smått og stort i Havella skal då gje...
12/04/2026

Fredag blir reine kulturkvelden når Erlend Viken trio kjem til Fosnavåg konserthus. Smått og stort i Havella skal då gjere noko dei aldri har gjort før, og det er finne ein felles beat med Birdie Pirat aka Bjørn Tore Øvrelid og trioen.
Dette vert første konserten i MiniFolkeMusikkFestival

https://www.fosnavagkonserthus.no/erlend-viken-trio-td12mky/

17/4: RAP & REINLENDER!
Kva skjer når Birdie Pirat, spelemannslaget Havella og Erlend Viken Trio skal framfører same låt? Blir det rap og reinlender? Eller reinlenderrap? Dei skal etter planen lande i ein felles beat på konserthuset under opninga av MiniFolkeMusikkFestival fredag 17. april!
Bjørn-Tore Øvrelid, som går under artistnamnet Birdie Pirat, kjem frå Hareid og lagar sunnmørsrap på dialekt. Han skriv, produserer og miksar musikken sin heilt sjølv. Han er også ein av frontfigurane i rapkollektivet Kontrollert Kaos, som vann både Målblomen og Musikkprisen i 2019.
Som soloartist skriv han låtar om alt frå tilhørigheit og stoltheit over å vere sunnmøring, til meir personlege tema. Heilt sidan ung alder har han hatt glede av å skrive dikt, og det får ekstra kraft når orda blir kombinert med beats. Mykje av musikken er inspirert av 90-tals hiphop, og sjangeren blir brukt som eit verktøy for å uttrykke tankar, kjensler og erfaringar.
(foto: Frank Hansen Media)

12/04/2026

Ei høyring for ei rettleiande innhaldsliste til læreplanen i musikk og eit innspelswebinar for å dele erfaringar frå kulturskulen, er to store ting som skjer på politisk front i folkemusikk- og folkedansfeltet denne månaden.

Velkomen til The Greatest Show 2026 laurdag 9.mai!Bli med på ei magisk og fargerik reise når over 70 talentfulle elevar ...
07/04/2026

Velkomen til The Greatest Show 2026 laurdag 9.mai!

Bli med på ei magisk og fargerik reise når over 70 talentfulle elevar frå Herøy kulturskule fyller scena i Fosnavåg konserthus med musikk, dans og rein speleglede.

Det har gjennom mange år vore ein stolt tradisjon at kulturskulen tek i bruk den storslåtte scena i konserthuset. Heilt sidan tidleg i haust har elevar og lærarar øvd målretta og engasjert for å skape eit show du seint vil gløyme.

Her blir det noko for ein kvar smak – frå rykande ferske poplåtar og tidlause klassikarar til kjende og kjære norske favorittar. Du får oppleve sterke vokalprestasjonar med vakre fleirstemde harmoniar, drivande rytmar frå dyktige musikarar og dansarar som verkeleg løftar energien i salen. Mange av innslaga smeltar saman til store fellesnummer som garantert vil gi gåsehud.

For å løfte opplevinga endå eit hakk, har songlærar Birgitte laga stemningsfulle videoar som rullar over storskjermen.

Med Torgrim Skjerdal bak spakane for lyd og lys ligg alt til rette for ei heilskapleg og profesjonell framsyning.

Ta med familie, vener og kjende til ei uforgløymeleg oppleving. Dette er ein konsert for både store og små – og elevane gler seg stort til å vise fram alt dei har arbeidd med.

Vi lovar god stemning – hjarteleg velkomen til The Greatest Show 2026!

Praktisk informasjon
Stad: Fosnavåg konserthus
Dato: Laurdag 9. mai 2026
Tid: Kl. 18:00
Billettar:
Vaksne kr 200,-
Born og ungdom (under 18 år) kr 100,-
Billettar kan kjøpast her: https://www.fosnavagkonserthus.no/the-greatest-show-2026-mo4j8a3/

Adresse

Lisjebøvegen 10 A
Fosnavåg
6091

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Herøy kulturskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Herøy kulturskule:

Snarveier

Del

Type