17/02/2026
I dag var det klart for Sirlihaugen Olympiske leker 2026 ❤️🖤💚💛💙Vi starta med ein aldri så liten opningsseremoni der vi marsjerte ut på kjøkkenet alle frå kvar si avdeling. Vi tende OL-ilden og songOL-floka før vi starta med leikane. Vi hoppa med sekk, akte, kasta på blink og kasta ringer og sprang med egg, alle så ut til å kose seg veldig 😁 Så var det medaljeutdeling på kjøkkenet. Ute venta mykje snø så då laga vi Herøy største snømann og kosa oss i akebakken :)