13/11/2025
God morgon solstråle!
Var det nokon som stod foran spegelen i dag tidleg og sa det til seg sjølv? Det var i alle fall det psykolog Trond Haukedal sa vi burde gjere då han var foredragshalder på det første Temposeminaret i 2001. Og det hjelper faktisk å snakke til seg sjølv på ein positiv måte!
I 25 år har vi jammen halde på. Og årets seminar viste nok ein gong at møte med menneske med lærerike, sterke og inspirerande historier aldri går ut på dato.
Eg er takknemleg for at dei 300 deltakarane som var i Florø kulturhus fredag 31. oktober, ser verdien og nytten av Temposeminaret. Ikkje berre for eigen del, men også for regionen vår sin del. For ein del av Temposeminaret sin misjon er å bidra til at alle som er til stades på seminaret føler at dei spelar på same lag. Temposeminaret er med på å skape eit fellesskap som gjer oss sterkare og betre.
Eg er åleine som ansvarleg arrangør, men rundt meg har eg heldigvis også eit fellesskap: Christian, Lene, Sonja, Tor Helge, Barbro, Johan og andre som hjelper meg. Med meg er også sponsorar som ser verdien av Temposeminaret; Lederne, Fagmøbler, Comfort Hotel Victoria; mange har vore med meg i mange år. Enivest er ein av desse, og eg vil gratulere dei med 25-årsjubileum også!
PWC har vore med meg i alle år. Dei har no selt 20 lokale kontor til eit nytt selskap som skal heite Tell. Desse lokale kontora får altså nytt namn, men dei 260 tilsette vil ha den same viktige kunnskapen.
Norges største ferjeselskap Fjord1, Norges største vaskerikjede Nor Tekstil, Norges største forsyningsbase Fjord Base Gruppen og ein bank for heile Norge, Sparebanken Norge: Eg er både stolt og glad for så store og viktige aktørar anerkjenner verdien av Temposeminaret og er ein særs viktig del av mitt fellesskap.
Om du ikkje var på årets Temposeminar, så gir bilda deg ein smakebit av dagen – ein dag som var strålande frå start til slutt. Takk til flotte foredragshaldarar, 300 deltakarar, frivillege, sponsorar, Kinn Lyd, Bistro to kokker – og velkomen igjen neste år.
📸Cecilia Molander/ceciliaphotography