01/05/2026
1.mai er ikkje berre ein raud dag i kalenderen. Det er ein kampdag. Ein dag for å løfte blikket og
minnast at rettane vi har i dag i arbeidslivet, ikkje kom av seg sjølve.
Dei kom fordi nokon før oss tok kampen. Dei organiserte seg. Dei sto i konflikt. Dei tok belastninga.
Dei risikerte både jobb og inntekt for at vi i dag skal ha trygge arbeidsvilkår, rett til medbestemming,
og eit arbeidsliv som faktisk er til å leve med.
Det forpliktar.
For rettar er ferskvare. Dei kan forhandlast bort. Dei kan svekkast bit for bit. Dei kan forsvinne stille,
dersom ingen seier ifrå.
Vi ser det også i dag. Press på arbeidstid. Press på løn. Forsøk på å flytte makt bort frå fellesskapet, over til meir individuelle og lokale løysingar. Det blir ofte pakka inn som “fleksibilitet” og
“modernisering”. Men vi veit kva det kan bety i praksis, meir ansvar og mindre tryggleik.
Derfor er 1. mai framleis like relevant.
I Utdanningsforbundet handlar kampen vår om heile laget i oppvekstsektoren, både skule og
barnehage.
I barnehagen legg vi grunnlaget for livslang læring. Her blir språk, tryggleik og relasjonar forma.
Likevel ser vi også her press på bemanning, tid og rammer. Når vilkåra blir svekka, går det ikkje berre
utover dei tilsette. Det går direkte utover barna.
I skulen handlar det om kvalitet i opplæringa, om tid til å vere lærar. Det handlar om å ha rammer
som gjer det mogleg å sjå kvar elev ,ikkje berre springe etter klokka.
Felles for både barnehage og skule er at kvalitet kostar, og kvalitet krev gode arbeidsvilkår.
Vi står sterkast når vi står saman. Når vi løftar i lag. Når vi ikkje let oss splitte av ord som “lokal
tilpassing”, dersom det i realiteten betyr svakare vern for den enkelte.
Samtidig må vi også løfte blikket framover. For dette handlar ikkje berre om oss. Det handlar om dei
som kjem etter.
Vi tenker på framtidige lærarar og barnehagelærarar som skal inn i yrket. Om barn og elevar som
fortener trygge vaksne med tid, kompetanse og overskot. Om eit arbeidsliv der ein faktisk kan stå i
jobben over tid. Vi har eit ansvar for å levere vidare, ikkje mindre, men meir.
Så i dag seier vi høgt:
Vi gløymer ikkje dei som kjempa før oss.
Vi gir oss ikkje i kampen no.
Vi tek ansvar for dei som kjem etter.
God 1. mai