28/11/2018
Origod AS er ei arbeids- og inkluderingsbedrift der dei største eigarane er Sogn og Fjordane Fylkeskommune og kommunane i Sunnfjord-regionen.
Origod AS sitt føremål er å gje arbeidssøkjarar individuelt tilpassa tilbod som kvalifiserer for arbeid, og å formidle arbeidskraft til det ordinære arbeidslivet. Dette arbeidet utfører vi i nært samarbeid med NAV og lokale arbeidsgjevarar.
Origod AS leverer også varer og tenester til eit breitt spekter kundar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, ma. innan mekanisk og elektronisk industri, transport/logistikk, renovasjon/vedlikehald og kursverksemd.
Origod AS, Nærtenesten - Sunnfjord Drift AS og Mentro AS fusjonerte i oktober 2018 til Origod AS. Vi er lokaliserte i Florø og i Førde, og har til ei kvar tid over 120 personar tilknytt verksemda, av desse vel 90 personar i arbeidstiltak i tillegg til om lag 30 ordinært tilsette.
Du har muligheten….. - bli med på laget !!!!
Vi treng deg som likar variert utearbeid og er god til å vere saman med folk.
Ynskja kvalifikasjonar:
• Førarkort C1 (du kan eventuelt ta dette etter oppstart).
• Gode sosiale evner.
Vi tilbyr deg:
• Løn og pensjon etter avtale.
• Sertifisert opplæring på aktuelle truckklassar, hjullastar og andre relevante kurs.
• Spennande samarbeid med kollegaer som i 2016 vart heidra som best i bransjen i Norge.
Vi vil be deg om:
• Å gå inn i vaktordning for snørydding og bunkring på Fjordbase.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Torleif Hjermann tlf. 48292222 eller Ronny Berg tlf. 91122523.
Søknadsfrist 12.12.18.
Søknad kan sendast pr e-post til: [email protected]