31/01/2022
UWC har blitt nominert til Nobels Fredspris 2022 av stortingsrepresentant Alfred Bjørlo.
Vi er utrulig stolt og beæra over denne nominasjonen. Vi veit at alle som har vore her på leirskule verdsetter møtet med ungdommar frå heile verda og den unike læringa det gir unge norske skulebarn!😀
I dag har eg nominert United World Colleges (UWC) til Nobels Fredspris 2022, Nobel Prize. Fordi det at ungdom frå heile verda møtes, lever saman og tar utdanning i lag, er noko av det viktigaste vi kan gjere for fred og ei betre verd.
UWC vart skipa av Kurt Hahn frå Tyskland på slutten av 1950-talet, med bakgrunn i dei grusomme røynslene frå 2. verdskrigen om kva som skjer nå murane mellom folk og nasjonar veks seg høge.
Den fyrste UWC-skulen, Atlantic College i Wales, tok opp fyrste kull elevar i 1962. I dag - 60 år seinare - er det 18 UWC-skular i 18 ulike land på fire kontinent. Dei fleste elevane er 16-19 år, og dei kjem frå heile verda.
Ein av dei 18 skulane, UWC Red Cross Nordic, ligg i den vesle bygda Flekke i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane, og er den einaste UWC-skulen i Norden. Skulen har ca 200 elevar frå over 80 land som tek ei 2-årig utdanning. Dronning Sonja er skulen sin høge beskyttar (High Patron), og vitjar skulen jamnleg.
UWC-skulane gir utdanning av høg kvalitet, med vekt på respekt og forståing for andre menneske og kulturar, og at ein gjennom det bidreg til ei fredelegare verd. Meir enn halvparten av UWC-elevane er jenter. Det er særleg viktig for å gi jenter frå land som ligg langt tilbake på likestilling eit høve til å ta vidare utdanning.
Mange elevar får heilt eller delvis dekka skulepengane av nasjonale UWC-komitear i over 150 land, slik at ungdom uansett økonomi og bakgrunn får sjansen til å ta ei UWC-utdanning. UWC har eigne program for å finansiere utdanning for ungdom frå krigs- og konfliktområde - mellom anna ei særleg satsing på ungdom frå Afghanistan akkurat i desse dagar.
UWC-rørsla held også kontakt med tidlegare elevar vidare gjennom livet. Dei har pr i dag meir enn 60.000 alumni-elevar over heile verda i sitt nettverk, som får høve til å vere med på felles aktivitetar og blir oppmoda om å ta samfunnsansvar og engasjere seg for ei betre verd lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Grunntanken til UWC om å nytte utdanning som verkemiddel til å skape fred og knyte band på tvers av grenser, er etter mitt syn heilt i Alfred Nobel si ånd. Eg meiner UWC er ein framifrå kandidat til Nobels Fredspris. Ikkje minst i ei tid kor vi ser tiltakande konfliktnivå mellom land og menneske mange stader i verda. Då er det nettopp med ungdom vi må byrje.
Difor vil eg nytte mitt aller fyrste høve som stortingsrepresentant til å foreslå kandidatar til Nobels Fredspris, til å nominere United World Colleges.
(Foto: Red Cross Nordic UWC)