Jakob Sande-senter for forteljekunst

Jakob Sande-senter for forteljekunst Sandesenteret Tlf.nr.: 481 24 808 E-post: [email protected] Vipps 568955 Les meir om oss på www.jakobsande.no. Les meir her: www.tidsskriftetjaja.no.

Jakob Sande - senter for forteljekunst opna i august 2020, med formål om å forvalte og forske i arven etter forfattar Jakob Sande, bygge opp fagmiljø for forteljekunst nasjonalt og arbeide for å få fram eit mangfald av nye røyster. Senteret byggjer på Jakob Sande - selskapet, ein frivillig organisasjon som sidan 1991 har jobba med å ta vare på og fremje Sande si dikting. Senteret har eiga residensordning, der skrivande og skapande kan søke om opphald og ei mengd arrangement gjennom året, i tillegg til Fest i Fjaler i august kvart år og forteljekunstakademi. I Gamle skulehuset driftar vi vårt eige forteljehus, bokhandel og kafè som er open kvar dag i sommarsesongen, og kvar laurdag gjennom heile året. Vi har eit eige tidsskrift om og med forteljekunst. The Jakob Sande - Center for narrative arts opened in August 2020, with the aim of managing and researching the legacy of author Jakob Sande, building a professional environment for storytelling on a national level, and working to introduce a diversity of new voices. The center is based on Jakob Sande - selskapet, a voluntary organization that since 1991 has worked to preserve and promote Sande's poetry. The center has its own residency program where writers and creators can apply for stays and hosts a variety of events throughout the year. This includes the Fest in Fjaler every August and a storytelling academy. In the Old Schoolhouse, we operate our own storytelling house, bookstore, and café which is open daily during the summer season, and every Saturday throughout the year. Learn more about us at www.jakobsande.no. We have our own journal dedicated to storytelling. Read it here: www.tidsskriftetjaja.no.

På laurdag, under boknatta i Fjærland, går Tidsskriftet Jaja live ombord på Litteraturbåten Epos. Jaja har med seg forfa...
17/06/2026

På laurdag, under boknatta i Fjærland, går Tidsskriftet Jaja live ombord på Litteraturbåten Epos.

Jaja har med seg forfattar Kjartan Hatløy som les dikt til den kommande utgåva av tidsskriftet, som har tema kropp og forteljing. Hatløy vil òg lese frå diktsamlinga Mot kaos.

Du vil óg få høyre meir om Jaja og den kommande utgåva. Konferansier er redaktør for Tidsskriftet Jaja, Tora Hope.

Laurdag 20. juni Klokka 16 ombord på Epos i Fjærland!

Tidsskriftet Jaja Litteraturbåten Epos Den norske bokbyen

Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.S P O R  er eit nystarta vo...
17/06/2026

Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.

S P O R er eit nystarta vokalensemble beståande av 8 damestemmer. Ensemblet har som mål å formidle på eit høgt kunstnarisk nivå med eit bredt repertoar.
På Augustikveld vil dei framføre to songar.
Vokalensemblet består av Synnøve Strand Lundgård, Renate Lillefosse Nitter, Amalie Sandemose, Lone Indrebø Lægreid, Vilde Sævik, Polina Chernobai, Kathrine Plener og kunstnarisk leiar og kordirigent Eline Sundal.

Foto: Lene S. Neverdal

24 personar fann vegen inn i det vesle skulehuset i lunsjtida idag. Der møtte dei Marie Longva Danielsen, som gjorde oss...
17/06/2026

24 personar fann vegen inn i det vesle skulehuset i lunsjtida idag. Der møtte dei Marie Longva Danielsen, som gjorde oss medvitne på pusten, som las poetiske passasjar og ein scenetekst, som serverte skulebollar og sette stemninga for dagen vidare. Takk til alle som kom og til Marie for den fine stunda 🍀

Tidsskriftet vårt, Tidsskriftet Jaja, lanserer NY PAPIRUTGÅVE om Kropp og forteljing! Du kan førehandstinge utgåva hos T...
16/06/2026

Tidsskriftet vårt, Tidsskriftet Jaja, lanserer NY PAPIRUTGÅVE om Kropp og forteljing!

Du kan førehandstinge utgåva hos Tekstallmenningen!

LANSERING under Fest i Fjaler 14.08.26!

Les meir på tidsskriftetjaja.no 👀👀

Velkomen til oss i sommar!
15/06/2026

Velkomen til oss i sommar!

Noko er i gang i det gamle kommunehuset i Dale. Første etasje i det som var kommunestyresalen og vart kalla Lokalet, i s...
12/06/2026

Noko er i gang i det gamle kommunehuset i Dale. Første etasje i det som var kommunestyresalen og vart kalla Lokalet, i seinare tid Studio Nova, skal Sandesenteret få disponere i sommarsesongen. Her blir det arbeid i vekene fram mot sesongopning. Vi treng alltid fleire hjelpande hender, så om du skulle få lyst til å bidra i arbeidet, er du meir enn velkomen til det. Ta i tilfelle kontakt med Rakel på tlf. 97650966.

Denne vekas dikt er "Dikt utan namn –"
12/06/2026

Denne vekas dikt er "Dikt utan namn –"

Denne vekas dikt er "Dikt utan namn –"

📣 UTLYSING: Skrivekurs for deg som har norsk som andrespråk!Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? H...
12/06/2026

📣 UTLYSING: Skrivekurs for deg som har norsk som andrespråk!

Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Eller har du tekstar på morsmålet ditt som du ynskjer å få omsett til norsk?

Tekstallianse og Jakob Sande-senter for forteljekunst inviterer til skriveverkstad for deg som har norsk som andrespråk.

Les meir om kurset på sida vår jakobsande.no, via lenkje i kommentarfeltet eller i arrangementet: https://fb.me/e/93pqi4DxF

Velkomen til oss i sommar! I sommarsesongen, frå 20.juni til 16.august, held våre sommarvertar ope i tunet tysdag-sundag 11-16.

Ingen KI i Tidsskriftet Jaja!
11/06/2026

Ingen KI i Tidsskriftet Jaja!

Adresse

Nikka Vonens Veg 31/35
Fjaler
6963

Åpningstider

11:00 - 14:00

Telefon

+4799548767

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jakob Sande-senter for forteljekunst legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Jakob Sande-senter for forteljekunst:

Snarveier

Del