Rørstadmarka barnehage

Rørstadmarka barnehage Rørstadmarka barnehage er ein privat barnehage sentralt plassert på Sula: på Fiskarstranda. "Du finn oss i skog, mark og fjøre - uansett føre!"

«Den lille jeg er meg»Det litt engstelege dyret med dei lange ørene og den flotte halen treff vi på i blomsterenga. Men ...
07/05/2026

«Den lille jeg er meg»
Det litt engstelege dyret med dei lange ørene og den flotte halen treff vi på i blomsterenga. Men kva slags dyr er det? I møte med både hest, sau, hund, frosk, papegøye, flodhest og enda fleire dyr, er alle einige om at dette dyret IKKJE er som dei.

Med for korte bein, for lange ører, for lang hale og eg veit ikkje alt som var annleis, kjem dyret fram til at «eg er meg», og at det er heilt ok.

Den flotte papegøya tok seg ein flygetur ut i salen og landa på hodet til Knut, det var veldig artig. Den store flodhesten tok med seg «eg er meg» på svømmetur, det var også gøy.

Dei yngste barna lot seg rive med av alle dei artige dyra og det dei fann på, dei som var litt eldre fekk nok med seg litt meir av at «eg er meg» følte seg annleis enn dei andre, og at det var ok.

Tusen takk til Barnehageteateret i Viken for ei strålande førestilling, til Rørstadmarka skule for lån av lokale og til Måseide barnehage som var med på spleiselaget og showet!

Våropprydding i barnehagen Det var ein spent gjeng i barnehagen som venta på at kontaineren skulle bli henta. Vi blei fø...
27/04/2026

Våropprydding i barnehagen
Det var ein spent gjeng i barnehagen som venta på at kontaineren skulle bli henta. Vi blei først litt forskrekka av å sjå at bilen allereie hadde ein kontainer på lasteplana, og lurte på om vi ved ein feil hadde bestilt henting av den gamle og levering av ny kontainer…?

Det viste seg at sjåføren hadde tenkt å ta med vår kontainer i tillegg til den han allereie kjørte rundt med. Bilen hadde ein slags forlenger bak på lasteplana slik at han kunne på plass til to etter kvarandre.

Dette var ei svært interessant og lærerik økt for barna. Ja, for oss vaksne også….

Vinteren på Sunnmøre kan vise seg i ulike drakter. Etter ein lang periode med kulde og barfrost har vi plutseleg kjempem...
19/02/2026

Vinteren på Sunnmøre kan vise seg i ulike drakter. Etter ein lang periode med kulde og barfrost har vi plutseleg kjempemykje snø! Det er veldig gøy, for da kunne plutseleg Herr Snømann å besøke oss i Rørstadmarka barnehage.

Med god hjelp frå dei vaksne laga barna ein stor snømann. Armane er greiner frå furutre, augo er furukongler, nasen er visst ein barkebit og munnen er småkongler frå svartora. Håret har han fått frå ei einebærbusk, med innslag frå furu. Frakken er malt på.

At snøen er så kram og lett å forme skal barna snart få erfare heng saman med mildver og plussgrader. www.pent.no kan bekrefte at plussgradene er på veg inn, og snøen på veg ut.

I dag har vi tatt turen til Måseide barnehage, vi skulle sjå etter kjentfolk. På veg til gjekk vi langs fortauet og forb...
21/01/2026

I dag har vi tatt turen til Måseide barnehage, vi skulle sjå etter kjentfolk.

På veg til gjekk vi langs fortauet og forbi hamna. I sjøen fekk vi sjå ei and som dukka etter mat, ho klarte å halde pusten kjempelenge! Langs vegen såg vi alle slags kjøretøy, nokre med kjentfolk inni.

Etter å ha helsa innom Måseide barnehage tok vi skogsvegen tilbake til Rørstadmarka barnehage. Denne vegen hadde mindre trafikk, men vi fekk studert ei gravemaskin som jobba. Inni skogen var det heilt stille, berre nokre nissar vi kunne helse på her og der. I Raudavatnet låg der ein liten, fin båt som hadde frose fast! Kva kan ha skjedd her?

Dette var ein fin tur der vi fekk trimma både beina og snakketøyet. Den beste læringa skjer undervegs når vi får undre oss, sette ord på det vi ser, tenke på kva vi har sett før og ikkje minst den sosiale relasjonsbygginga som skjer mellom dei som fekk dele denne turen.

Takk for turen!

Nøkkel funnet ved porten på baksida av barnehagen. Om nokken savna den, er det berre å hente den med oss.
13/01/2026

Nøkkel funnet ved porten på baksida av barnehagen. Om nokken savna den, er det berre å hente den med oss.

Nissefest i barnehagenI dag har det vore høg nissefaktor i Rørstadmarka barnehage, vi har hatt årets nissefest!Pynta med...
16/12/2025

Nissefest i barnehagen
I dag har det vore høg nissefaktor i Rørstadmarka barnehage, vi har hatt årets nissefest!

Pynta med nisseluer og nissete klede var små og store i barnehagen klare for ein skikkeleg nissefest. Med stor iver har vi sunge julesangar og gått rundt juletreet.

Dei yngste barna lytta med forundring til Sofie sitt eventyr om dei tre nissane som skulle til seters for å ete nissegrøt. Trollet som budde under brua lot dei passere ettersom han også kunne få seg ein tallerken nissegrøt. Dei eldste barna fekk høre ei meir tradisjonell historie om ein liten nisse som gav gåver til smådyra.

Rett før barna fekk servert sin eigen nissegrøt kom sjølvaste julenissen på besøk i barnehagen! Velkomsten frå barna varierte frå skepsis til glede og jubel. Han hadde med seg ei lita nissegave til alle barna. Det var veldig kjekt.

ENDELEG er det nok snø i akebakken på barnehagens uteområde til å leite fram rumpebretta. Frå toppen av akebakken får ba...
18/11/2025

ENDELEG er det nok snø i akebakken på barnehagens uteområde til å leite fram rumpebretta. Frå toppen av akebakken får barna kjenne på skrekkblanda fryd der dei susar ned bakken i full fart. Det gir meirsmak, vegen opp igjen til toppen av bakken går lett og ingen ser at nesten all snøen blir aka bort.

Andre er meir opptatt av å få rydda vegen fri for snø med snømåke. Med full innsats blir snøen effektivt spadd bort i haugar.

Den kramme snøen er enkel å forme med. Med litt hjelp frå dei vaksne byggast det snøborg, eller er det ein mur? I samarbeid lagar dei perfekte mursteinar som dei bygger med.

Styrar-Kristin er spesielt fornøyd med portrett-snømannen som er laga på fotballbana!

Bjørnis-besøk i barnehagen!Barna har den siste tida lært mykje om brannvern i barnehagen, hatt brannøving, prata om bran...
02/10/2025

Bjørnis-besøk i barnehagen!
Barna har den siste tida lært mykje om brannvern i barnehagen, hatt brannøving, prata om brann og lest bøker om brannbamsen Bjørnis. Mange hugsar også bålet vi hadde på haustturen, og dei mange samtalane rundt bålet med Kristin som var bålsjefen den dagen.

I dag hadde vi invitert sjølvaste Bjørnis til barnehagen, og forventningane var høge! Barna samla seg på det beste utkikkspunktet og oppdaga blålysa mellom trea i god tid. Bjørnis er faktisk ganske stor og fylte nesten halve frontruta til brannbilen.

Bjørnis og dei kjekke brannkonstablane tok seg god tid til å helse på alle barna, vise fram alt fantastisk utstyr som finst i brannbilen, og dei rakk til og med ein dans med barna før dei måtte dra.

Takk for besøket!

Haustturen til Trollskogen Utrusta med regntøy, pølser, tørr ved og parasoll ved gjekk vi på tur. Vi var klar for haustt...
18/09/2025

Haustturen til Trollskogen
Utrusta med regntøy, pølser, tørr ved og parasoll ved gjekk vi på tur. Vi var klar for hausttur til Trollskogen. Bålsjefen blei sendt ut ei lita stund før resten.

Nokre av barna kjente lukta av bål lenge før dei kom til skuleplassen. Og mange blei så svoltne på grilla pølser at beina nesten ikkje kunne bere dei heilt fram. Dei som var med for første gang blei overraska over å finne den Fishermans Friend-aktige styraren som bålsjef i skogen, over eit heilt ekte bål. Og ingen hadde tenkt over at eit bål kunne ha bruk for parasoll.

Med sine kjempehøge furutre og barnåldekte skogbotn er det skikkeleg fint å leike i Trollskogen. Det var bygging av hytte med greiner, balansering på steingjerde, jakt på pinner og generell springing. Nokre av barna hørte på bøker som blei lest høgt og andre samla seg rundt bålet medan dei venta på at bålet skulle bli klart til matlaging.

Ein slik tur gir unike erfaringar og djupare innhald til ord og begrep. Bål gir røyk, lagar varme, sender gnistrar og har ein spesiell lyd om ein lyttar. Rundt flammane som dansar i bålet oppstår ei heilt spesiell ro som gir mange gode samtalar.

Takk for turen!

Opprydding i gapahukenDen siste tida har gapahuken og den fine naturleikeplassen til barnehagen blitt brukt som samlings...
13/09/2025

Opprydding i gapahuken
Den siste tida har gapahuken og den fine naturleikeplassen til barnehagen blitt brukt som samlingsplass på kveldstid for ungdommar, dei fleste mindreårige. Forrige helg gjekk festen på dette området over styr og måtte avsluttast av politiet. Glasbrot, snus og anna søppel på området etter slike festar utelukkar gapahuken som turmål for barnehagen.

I dag har området blitt rydda opp av barnehageforeldre på dugnad. Vi i Rørstadmarka barnehage håper alle kan ta ein prat med «sine» om at plassen ikkje skal brukast til slike festar.

Del gjerne.

Potettur til DjupvikaGjennom heile sommaren har potetene, som barnehagen fekk vere med å sette i vår, fått vekse seg sto...
11/09/2025

Potettur til Djupvika
Gjennom heile sommaren har potetene, som barnehagen fekk vere med å sette i vår, fått vekse seg store. Og no kom dagen for å hauste potetene!

I lag med dei vaksne på avdelinga tok barna vegen gjennom «markane» ut til Djupvika. På vegen møtte vi nokre flotte sauar, og på stien i skogen fann vi ei død skogsmus. Og brått var vi framme ved busstoppet i Djupvika, nesten heilt framme. Med greip, spade og hender fekk vi opp mange fine poteter frå jorda som vi samla i bøtter og spann. Tenk at potetene vi satte i vår har blitt til så mange nye poteter!

Vi fekk også prøve dissene som var hengt opp i hagen, og det går rykter om at barna fekk kvar sin is også…

Med sekken full av poteter, som dei vaksne måtte bære, gjekk vi langs fortauet tilbake. Med aktiviteten «få lastebilen til å tute» gløymde barna litt av dei slitne beina som hadde gått så langt denne dagen.

Potetene blei det laga middag av dagen etter, potetmos og kokte poteter, fiskekaker og brun saus, noko dei fleste barna syntes smakte godt.

Adresse

Rørstadmarka 25
Fiskarstranda
6035

Åpningstider

Mandag 06:30 - 16:30
Tirsdag 06:30 - 16:30
Onsdag 06:30 - 16:30
Torsdag 06:30 - 16:30
Fredag 06:30 - 16:30

Telefon

+4770194050

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rørstadmarka barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Rørstadmarka barnehage:

Snarveier

Del