Danseverkstedet

Danseverkstedet Danseverkstedet tilbyr ei rekke klassar i ulike dansestilar, både for dei heilt miste, unge og vaksne. Nivået er frå nybyrjarar og til øvet nivå. Velkommen!

Sjekk ut informasjon på nettsida om kurstilbod, pedagogar, timeplanen, lokaler og påmelding. Danseverkstedet ved Jorunn Reina er ein privat danseskule i Førde, etablert i 1994. Jorunn Reina har utdanning som adjunkt med opprykk for grunnskulen, i tillegg til at ho har ei tatt treårig ballettpedagogikk på Northern Ballett School i Manchester. Ho har også tatt mellomfag i dans på Dragvoll i Trondheim. Sidan oppstarten har Danseverkstedet blitt populært og utmerka seg på kulturelle hendingar i heile fylket. Kvart år har Danseverkstedet ei vårførestilling før sommarferien der alle elevar får vist kva dei har jobba med i løpet av danseåret. I tillegg jobbar danseskulen tidvis med prosjekt, som til dømes ballettstykket "Nøtteknekkaren", som var eit samarbeid med Førde sine distriktsmusikarar. Mars 2013 ventar ein Disney-musikal i samarbeid med Førde Kulturskule. Tidlegare har også elevar delteke på blant anna Gaularspelet, Vevringutstillinga og Nyttårskonserten i Førdehuset. Dette er veldig kjekt for elevane og gode erfaringar å ha med seg vidare. Går ein på ballett får ein moglegheita til å ta eksamen i ulike grader, slik at ein lettare kan ta ei utdanning innan dans for dei som ynskjer det. Danseverkstedet tilbyr desse undervisningsklassane:
- Barnedans; 4-5 år
- Klassisk ballett; 6 år og oppover
- Jazz/Moderne; 8 år og oppover
- Hip hop; 8 år og oppover

For påmelding eller meir informasjon, ta kontakt:
Jorunn Reina, tlf 472 32 429, eller epost: [email protected]

VM-stemninga kokar i Førde! 🏋️ Vi kastar eit blikk tilbake på opningsseremonien, som Danseverkstedet var så heldige å få...
10/10/2025

VM-stemninga kokar i Førde! 🏋️
Vi kastar eit blikk tilbake på opningsseremonien, som Danseverkstedet var så heldige å få bidra til 💃

Tusen takk til dansarane våre som møtte på ekstraøvingar og leverte heilt nydeleg på scena. Vi er stolte av dykk❤️

Film av høgdepunkt frå opninga: https://fb.watch/CECWdlZyqy/

Ønskjer alle VM-deltakarar lukke til i siste innspurt!

📷Fotograf: Ole Johnny Devik

Har du drømt om å danse ballett, men aldri turt å prøve? Eller lagt danseskoa på hylla, men tenker det er på tide å luft...
21/08/2025

Har du drømt om å danse ballett, men aldri turt å prøve? Eller lagt danseskoa på hylla, men tenker det er på tide å lufte dei igjen? Då har du sjansen no🩰😍
Klassisk nybegynnar for vaksne på mandagar frå kl. 16.30 - 17.30. Første time er allereie komande mandag, og du kan då få gratis prøvetime!

Vi har også moderne klassar for vaksne. Sjå heimesida for timeplan og påmelding:
https://danseverkstedetforde.no/timeplan/

Vi er klare for nytt haustsemester saman med dokke! Meld deg på og bli med 🕺🏼🪩 Oppstart frå veke 35 (25. august).
16/08/2025

Vi er klare for nytt haustsemester saman med dokke! Meld deg på og bli med 🕺🏼🪩 Oppstart frå veke 35 (25. august).

I kveld brakar det laus med 1. vårforestiling og 30-års jubileum! Har du ikkje skaffa deg billett endå? Det er framleis ...
03/06/2025

I kveld brakar det laus med 1. vårforestiling og 30-års jubileum! Har du ikkje skaffa deg billett endå? Det er framleis mogleg! 💃🏻🕺

I år markerer vi 30 år med Danseverkstedet i Førde! Fleire tusen barn og unge har tilhøyrt Danseverkstedet gjennom åra, og fleire har kome tilbake i vaksen alder med både seg sjølv og sine små for å ta med seg dansegleda vidare. No er vi samla på scena for å feire Danseverkstedet fleire d...

DANSEverkstede presenterar ClaraSpelt av Jenny Oline Spjutøy Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet? – Sida eg var 6...
28/11/2024

DANSEverkstede presenterar
Clara
Spelt av Jenny Oline Spjutøy

Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?

– Sida eg var 6 år

Tidligare roller i Nøtteknekkaren?

– Russer, mus, spansk og born i selskapet

Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?

– Å få dukka mi av Drosselmeyer i selskapet då eg var born

Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?

– Å sjå alt kome til live

Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?

– Vere med folk eg er glad i

DANSEverkstedet presenterar:SukkertøyfeeSpelt av Nora Vøllestad Westbye Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?– I år s...
28/11/2024

DANSEverkstedet presenterar:
Sukkertøyfee
Spelt av Nora Vøllestad Westbye

Kva roller har du i Nøtteknekkaren i år?

– I år spelar eg rolla som Sukkertøyfeen

Kor lenge har du dansa ved Danseverkstedet?

– Eg byrja å danse ved Danseverkstedet då eg var 3 år, altså i 14 år.

Har du deltatt i Nøtteknekkaren før?

– Før i Nøtteknekkaren har eg dansa som lillebroren til Clara, born i selskapet, russisk og spansk

Kjekkaste minne frå tidligare Nøtteknekkaroppsetting?

– Eg trur at mitt kjekkaste minne var då eg fekk klem og blomst av Ordføraren (hahaha), OG eg hugsar også at noko av det kjekkaste var julestmeninga ein fekk på framsyninga, og samhaldet mellom dansarane

Kva gleder du deg mest til med årets oppsetting?

– I år gledar eg meg mest til å stå på scena med store og små, og spre juleglede til alle i publikum

Kva er viktigst /kjekkaste for deg i jula?

– Det viktigaste for meg i jula er nok å vere rundt dei eg er glad i, og det at alle tek litt meir vare på kvarandre og visar litt meir kjærlighet, det er viktig det!

Adresse

Prestebøen 8
Førde
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Danseverkstedet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Danseverkstedet:

Snarveier

Del

Type