Sunnfjord kulturskule

Sunnfjord kulturskule Målsetjinga vår er kulturskule for alle, tilpassa den enkelte elev sine føresetnader og ynskjer. Vi forventar at du viser respekt for andre.

Personvernerklæring for Facebook
Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook. Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår behandling er i samsvar med Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven). Ansvarlig part
Sunnfjord kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]
Generell databehandling
Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
• poste ein kommentar på veggen
• legge inn ein kommentar på ein post
• like ein post
• dele ein post
Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Analyse av bruk / Site-Insights
Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023
Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; https://sunnfjord.kommune.no/om-oss/postliste-og-innsyn/personvern-og-innsyn-2/

🎄 Tusen takk for ein fin dag på Jul i Førdehuset 🎄Laurdag 13.12 vart Førdehuset fylt av liv, aktivitetar og mykje god ju...
19/12/2025

🎄 Tusen takk for ein fin dag på Jul i Førdehuset 🎄

Laurdag 13.12 vart Førdehuset fylt av liv, aktivitetar og mykje god julestemning – og det er takka vere alle som kom, deltok og var med og skapte dagen. Vi håpar både små og store gjekk heim med varme kjensler og litt ekstra jul i kroppen ❤️

Ei stor takk òg til samarbeidspartnarane som gjorde arrangementet mogleg:
– Førde bibliotek i Sunnfjord
– Friskliv og Frivilligsenter - Sunnfjord kommune
– Kultur og Ungdom i Sunnfjord kommune
– Idrett og friluftsliv i Sunnfjord kommune
– Førdehuset
– Førdehuset Mat
– Midtre Sunnfjord Husflidlag

📸 Her deler vi nokre bilete frå dagen:
https://sunnfjord.kommune.frivis.com/articles/tusen-takk-for-ein-fin-dag-paa-jul-i-foerdehuset

No ønskjer vi alle ei god og fredeleg jul, og minner om at Sunnfjord kulturskule startar opp att 5. januar 2026.

Takk for i år – vi gler oss til å sjå dykk igjen på nyåret 🎶

Laurdag 13.12 vart Førdehuset fylt av liv, aktivitetar og mykje god julestemning – og det er takka vere alle som kom, deltok og var med og skapte dagen. Vi håpar både små og store gjekk heim med varme kjensler og litt ekstra jul i kroppen ❤️

Lurer du på kva du skal gi til jul? Gi bort ei oppleving som varer – eit gitarkurs for vaksne! Perfekt for både dei som ...
12/12/2025

Lurer du på kva du skal gi til jul? Gi bort ei oppleving som varer – eit gitarkurs for vaksne! Perfekt for både dei som vil starte heilt frå null, friske opp gamle grep eller ta gitarspelinga eit steg vidare. Vi tilbyr kurs for nybegynnarar og to nivå for vidarekomne – i små grupper, med dyktige lærarar og mykje musikkglede.

🎁 Dette får mottakaren:
- 4 inspirerande onsdagskveldar i januar
- Små grupper (maks 6 deltakarar)
- Trygg rettleiing og god stemning
- Ei gåve som kling lenge etter julepapiret er rive av

🗓 Tid: 4 onsdagar i januar – 14.1., 21.1., 28.1. og 4.2.
💰 Pris: 1600,- (for fire økter)
📍 Stad: Sunnfjord kulturskule (bak Førdehuset)

👉 Les meir og meld deg på:
https://noforde.speedadmin.dk/registration #/course/113

(Kurs for vidarekomne i samarbeid med Folkeakademiet Førde.)

Hurra for Dimiter🤩I dag fekk han gåve, heider og ære som takk for 25 år som tilsett i kulturskulen og Sunnfjord kommune....
10/12/2025

Hurra for Dimiter🤩
I dag fekk han gåve, heider og ære som takk for 25 år som tilsett i kulturskulen og Sunnfjord kommune. Ein stor takk for innsatsen🌺🌺🌺

🎄 Jul i Førdehuset – la julemagien starte! 🎄Laurdag 13. desember fyller vi huset med aktivitetar for små og store! Her e...
08/12/2025

🎄 Jul i Førdehuset – la julemagien starte! 🎄

Laurdag 13. desember fyller vi huset med aktivitetar for små og store!

Her er noko av det du kan glede deg til:
✨ Julebad med undervass-quiz og gløgg
🎨 Utstilling av kunstelevar sine flotte verk
🧶 Nålefilting med Husflidslaget
🎭 Teaterframsyninga «Horror House i tivoliparken»
🎶 Konsertar med kulturskulen sine elevar
🎲 Brettspel, curling og julequiz
📚 Juleforteljingar og spel med julenissen på biblioteket
🍚 Julegraut i kafeen – finn mandelen og vinn premie!
🎬 Kino: «Reisen mot nord», «Zootropolis 2», «Wicked: For Good» og «Hvis ingen går i fella»

👉 Vil du sjå alt som skjer?
Vi har lagt ved bilde av programmet slik at du kan bla gjennom detaljane.

Ta med familie og venner og bli med på ein uforgløymeleg førjulsdag i Førdehuset! ❤️

Laurdag 13. desember 2025🎄 JUL I FØRDEHUSETVelkommen til Jul i Førdehuset – ein dag fylt med ekte julestemning, aktivite...
25/11/2025

Laurdag 13. desember 2025

🎄 JUL I FØRDEHUSET

Velkommen til Jul i Førdehuset – ein dag fylt med ekte julestemning, aktivitetar og opplevingar for heile familien!
Det blir musikk, teater, juleverkstad, leik, quiz og mykje meir – alt samla under eitt tak i Førdehuset.
Ta med små og store til ein triveleg førjulsdag full av latter, kreativitet og gode augneblinkar.

PROGRAM
11.00
• Elevscene – Sørsalen
• Elevscene – Festsalen

11.30
• Teaterframsyning Horror House – i tivoliparken (Teatergruppe 2) – Teatersalen (hugs å reservere billett)
• Julebingo – Musikkrommet
• Yatzy med julenissen – Biblioteket

12.00
• Juleforteljing – Biblioteket
• Elevscene – Nordsalen

12.30
• Julebingo – Musikkrommet
• Yatzy med julenissen – Biblioteket

13.00
• Elevscene – Festsalen
• Juleforteljing – Biblioteket

13.30
• Julebingo – Musikkrommet
• Yatzy med julenissen – Biblioteket
• Elevscene – Sørsalen

14.00
• Juleforteljing – Biblioteket

14.30
• Kino: Reisen mot nord – Lisjesalen (hugs å kjøpe billett)
• Teaterframsyning Horror House – i tivoliparken (Teatergruppe 4) – Teatersalen (hugs å reservere billett)

15.00
• Internasjonale julesongar – Festsalen (Førde internasjonale kor og kulturskuleelevar)
• Elevscene – Nordsalen
• Kino: Zootropolis 2 – Storsalen (hugs å kjøpe billett)

17.00
• Kino: Wicked: For Good – Lisjesalen (hugs å kjøpe billett)

17.30
• Kino: Hvis ingen går i fella – Storsalen (hugs å kjøpe billett)

LØPANDE AKTIVITETAR

10.00 – 16.00
• Julebad med undervass-quiz og gløgg – Symjehallen
(hugs å kjøpe billett)

11.00 – 14.00
• Kunstutstilling – Kunstsalen
• Nålefilting – Folkeverkstad tekstil

11.00 – 15.00
• Julequiz – Rebus rundt om i Førdehuset

11.00 – 14.30
• Brettspel – Eventyrrommet
• Curling – Utstillingssalen

11.30 – 15.00
• Julegraut med saft og mandelpremiar – Kafeen

12.00 – 14.30
• Julesjakk og papirbretting – Biblioteket

12.00 – 14.00
• Nisseløype – Idrettshallen

12.00 – 15.00
• Juleverkstad – Peisestova

🎟 Billettar og reservasjonar: fordehuset.no
Velkommen til ein magisk førjulsdag i Førdehuset!

Førdehuset
Førde bibliotek i Sunnfjord
Førdehuset Mat
Friskliv og Frivilligsenter - Sunnfjord kommune
Midtre Sunnfjord Husflidlag

Johannes Haarklou – eit hundreårsminneMarkering av 100-årsdagen for komponisten frå HaukedalenNovember 2025 er det 100 å...
24/11/2025

Johannes Haarklou – eit hundreårsminne

Markering av 100-årsdagen for komponisten frå Haukedalen
November

2025 er det 100 år sidan Johannes Haarklou (1847–1925) gjekk bort. Haarklou var ein av dei store norske komponistane i si tid – ein kunstnar med internasjonale ambisjonar, men med hjartet i Sunnfjord. Han skapte europeisk kunstmusikk med norsk vri og kjempa for norske utøvarar og det lokale musikklivet.

Denne veka inviterer distriktsmusikarane i Sunnfjord, Sunnfjord kulturskule og samarbeidspartnarar til ei rekkje konsertar med sopran Christine Marøy og pianist Rune Alver, som presenterer eit utval av Haarklou sine vakre romansar saman med livshistoria hans.

Program for markeringa

Onsdag 26. november

Kl. 12 – Promokonsert på Røyst, Førde
Start dagen med ein musikalsk pustepause! Christine Marøy og Rune Alver gir deg Haarklou-musikk på ein halvtime – gratis inngang.
Røyst serverer fristande lunsj og drikke som kan nytast før, under eller etter konserten – perfekt som eit lite avbrekk i kvardagen.

Kl. 18 – Minnekonsert i Haukedalen kyrkje
På dødsdagen hans blir det konsert i heimestaden.
Billettpris: Vaksne 200 kr | Barn 100 kr | Sal ved døra


Torsdag 27. november

Kl. 13.30 – Konsert på omsorgssenteret, Skei
Kl. 19 – Lyarscena i Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Ei storslått kveldskonsert med Haarklou-musikk og livshistorie.
Billettpris: Vaksne 200 kr | Barn 75 kr | Kulturskuleelevar gratis
Billettsal: www.fordehuset.no


Fredag 28. november

Kl. 10.30 – Konsert på omsorgssenteret, Førde
Kl. 12 – Kling lunsjmusikk i Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Gratis lunsjkonsert med Haarklou-musikk.


Om Johannes Haarklou

Johannes Haarklou vart fødd i Haukedalen i Sunnfjord i 1847 og døydde i Oslo i 1925. Han var ein pioner i norsk musikkliv – komponist, organist, dirigent og skribent med meiningars mot. Haarklou studerte i Leipzig og Berlin, skreiv operaer, symfoniar, oratoriet Skabelsen og Mennesket, orgelverk og romansar. Han var heidra i si samtid og ville skape europeisk kunstmusikk med norsk vri, samtidig som han kjempa for norske utøvarar og lokalt musikkliv.

Arrangørar: Sunnfjord kulturskule, distriktsmusikarane i Sunnfjord, Teater Vestland, Haukedalen sokneråd og omsorgssentra i Sunnfjord,

Gitarkurs for vaksne – nybegynnarar og vidarekomneVil du starte heilt frå null, friske opp gamle grep eller ta gitarspel...
21/11/2025

Gitarkurs for vaksne – nybegynnarar og vidarekomne

Vil du starte heilt frå null, friske opp gamle grep eller ta gitarspel eit steg vidare? Vi tilbyr kurs for nybegynnarar og to nivå for vidarekomne – små grupper, dyktige lærarar og mykje musikkglede.

✅ Tid: 4 onsdagar i januar – 14.1. – 21.1. – 28.1. – 4.2.
👥 Plassar: Maks 6 deltakarar
💰 Pris: 1600,- (for fire økter)
📍 Stad: Sunnfjord kulturskule (bak Førdehuset)

👉 Les meir og meld deg på:
https://noforde.speedadmin.dk/registration #/course/113

(Kurs for vidarekomne i samarbeid med Folkeakademiet Førde)

Sjå kva folkemusikkelevane våre fekk vere med på sist helg under  . Med Britt Pernille Frøholm, Ole Nilssen - music
14/11/2025

Sjå kva folkemusikkelevane våre fekk vere med på sist helg under . Med Britt Pernille Frøholm, Ole Nilssen - music

 

Årets Skummel elevscene bydde på alt frå mystiske speledåser til ustemte ukulelar og mørke forteljingar i raudt scenelys...
31/10/2025

Årets Skummel elevscene bydde på alt frå mystiske speledåser til ustemte ukulelar og mørke forteljingar i raudt scenelys. Elevane skapte ei nervepirrande stemning med skuggar på veggane og lydar som fekk håra til å reise seg!

Nokre elevar prøvde seg for første gong på improvisasjon, atonal musikk og nye speleteknikkar – modig og imponerande.
Piano-, fiolin-, fløyte-, gitar- og ukuleleelevar var med og bidrog til ei unik oppleving av lyd, lys og forteljing.

Tanken bak elevscena er å skape ein konsert utanom det vanlege – ei stemningsfull oppleving i haustmørket der elevane får utfalde seg kreativt, teste nye måtar å opptre på og oppleve meistring. Vi let på prestasjonspresset ved å fokusere på eit felles tema – denne gongen: skummel.

Ein stor takk til alle elevar, lærarar og ikkje minst publikum som turte å kome!

Skummel elevscene torsdag 30.10.2025

17/10/2025

Velkomen til konserten Når strengar møtest –
ei musikalsk reise inn i tida då romantikken framleis stod sterkt,
sjølv om verda var på veg mot det moderne.

Rundt hundreårsskiftet er kunsten i endring,
men musikken held fast i dei store kjenslene –
varme, lengsel og nærleik.

I videoen høyrer du Schostakovitsj: Polka
frå 5 Stücke für 2 Violinen und Klavier –
leikent og med glimt i auget.

To fiolinar og eit piano møtest
i musikk som både rører og overraskar.

🎻 Marin Stallemo Bakke og Henri Eftevand – fiolin
🎹 Noemi Utasi – piano

📅 Torsdag 23. oktober kl. 19.00
📍 Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
🎟️ Billettar: www.fordehuset.no

Adresse

Angedalsvegen 5
Førde
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnfjord kulturskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Sunnfjord kulturskule:

Snarveier

Del

Type