Førde barneskule

Førde barneskule Her vil du finne informasjon og bilete frå skule- og SFO kvardagen på Førde barneskule. Førde b I dag har skulen klassar frå første til sjuande trinn. klasse.

Barneskulen i sentrum av Førde:
Førde Barneskule ligg i Elstervegen - ein sideveg til den gamle Bydalsallèn - som går frå sentrum mot Kyrkja. Skulen er den eldste i Førde og har gjennom åra vore folkeskule, framhaldsskule, realskule, ungdomsskule og gymnas. 125 års-jubileum vart feira i 2019. Det er til vanleg to klassar på kvart trinn. Det er om lag 250 elevar på skulen. Skulen har barn frå mange ulike nasjonar. I dei siste åra har skulen hatt ein innføringsklasse for fleirspråklege born. Til denne kjem elevar frå andre skular i Førde for å få grunnleggande norskopplæring. Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid til elevar i 1.- 4. klasse, og for elever med særskilde behov i 5.-7. SFO på Førde barneskule er organisert i 2 ulike basar. Bikuba for elevar i 1. og 2. klasse og Edderkoppen for dei som går i 3. og 4. klasse og barn med særskilde behov. SFO har ope frå kl. 07.00 – 16.30.

😥💔
14/11/2024

😥💔

Sunnfjord kommune har klare verdiar når det gjeld skule: Engasjert, inkluderande, nær. Når kommunen no føreslår å leggje ned Førde barneskule, ein skule med 130 års historie som utdanningsstad i sentrum, blir desse verdiane kasta ut av vindauget. Som tilsette ved Førde barneskule synest vi ...

13/06/2024

Kjære, følgjarar.
Grunna endringane i Meta så stenger vi no ned denne Facebooksida. Meta vil frå 26. juni bruke vårt innhald til å trene sine verktøy for kunstig intelligens. For å ta i vare personvernet til våre brukarar og følgjarar, så vil kommunen i framtida ikkje poste bilde og videoar i Meta kanalar. Denne sida har i hovudsak vore nytta til nettopp bildedeling. Det er bakgrunnen for at vi no legg den ned.
Sida vil bli stengt ned i løpet av neste veke.

11/06/2024

🌟2.steget har den siste tida arbeidd med temaet eventyr. Elevane i 2A har skrive sine eigne eventyr. I dag kom eventyra på trykk i Eventyrboka 🌟

07/06/2024

Torsdag kosa 1. og 2.klasse seg ilag fram til storefri 🤩
2.klasse las eventyr for 1.klasse. I gymsalen var det addisjonsstafett og postar der elevane skulle telje pengar.
Alle åt lunsj saman. Kari Nina og Sissel diska opp med frukt til lunsjen 🍎🍉🍇🍌

28/05/2024

🦋 Vi klarte det 🦋
Begge laga kom i mål 🏅🏅
Det eine lage føre det andre 💨🐢
Men ALLE er like stolte og fornøgde!

27/05/2024

I år som i fjor (bilda under er frå i fjor ☺️) stiller Førde barneskule med to lag på Helse Førde stafetten 🏃‍♀️🏃💨 Kom gjerne og hei på oss 👏😅

16/05/2024

I dag har 1. klasse hatt ei fin, morosam og engasjerande lesestund på Førde bibliotek. Etterpå kosa vi oss med vannmelon og 17. mai-leikar.

15/05/2024

I forrige veke hadde heile Førde barneskule "Berekraftsveka". 🌍
Fokuset for veka var kor viktig insekt og biene er for jorda.
Saman på tvers av trinna, har vi laga insekthotell, planta ringblomar og jobba med oppgåver om bier og insekt 💛 Kjempefin veke for store og små! 🐝

20/04/2024

2.trinnet jobbar denne veka tverrfagleg med emnet “Steinalderen”. Skoøskjer er omlaga til fine buplassar og ute i skogen har dei leika og jakta slik dei gjorde før.

11/04/2024

4.trinnet har gjort mange kule ting på Førdehuset idag. Vi var innom 5 ulike stasjonar: teater-band-høgtlesing-lyd&lys-folkedans🎶🎸🎭Takk for ein Kul tur - Kulturskulen, Førdehuset, Biblioteket!

Adresse

Elstervegen 1
Førde
6809

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Førde barneskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Førde barneskule:

Snarveier

Del

Type