Havreberg Coaching

Havreberg Coaching Havreberg Coaching – komplett treningspartner siden 2020. Grunnlagt av Geir Arne og Hans Kristian Havreberg for å styrke karateutøvere.

I dag tilbyr vi helhetlig treningsveiledning, egne sentre i Etne og nettbasert coaching med samlinger i hele Norge.

03/03/2026

Ei ny økt med Odd-Inge Berge, tungvekt i fullkontakt karate på internasjonalt nivå.

Han er no inne i konkurransesesong. Etter ein sterk prestasjon i årets første internasjonale turnering, Dutch Open, er fokuset retta mot NM.

I denne fasen jobbar me målretta med å utvikle eksplosiv rotasjon, dynamisk pressstyrke og stabilitet i eittbeinsarbeid. For ein tungvektar handlar det ikkje berre om å vere sterk – men om å produsere kraft raskt og kontrollert, og halde strukturen stabil gjennom heile kampen.

Økta startar med eksplosive rotasjonskast for å aktivere kraftsekvensen frå hofte til overkropp. Deretter dynamisk benkpress med strikk i Westside-stil for å utvikle rate of force development. Resten av økta byggjer unilateral styrke, overkroppsstabilitet og kjærne som effektivt kan overføre kraft.

Økta i korte trekk:

Oppvarming
Generell oppvarming

1. Rotasjon / eksplosivitet
1a. Single arm rotational medicine ball throw – 3 × 3 per side
1b. Rotational medicine ball slam – 3 × 2 per side

2. Dynamisk styrke
2a. Dynamisk benkpress med strikk – 7 × 3
2b. Box jump – 7 × 2

3. Unilateral styrke
3a. Bulgarsk utfall – 3 × 8 per fot
3b. Single leg RDL – 3 × 6 per fot

4. Overkropp
4a. Single arm Arnold press – 3 × 10
4b. Two point dumbbell row – 3 × 10

5. Kjærne / stabilitet
Suitcase carry – 2 × 45 sek per side

Tungvekt krev kraft.
Men kraft må byggjast med kontroll.

26/02/2026

Havreberg Coaching er klar med nytt treningstilbod i Etne. Denne gong med boksing og crosstrain på treningslista.

06/02/2026

Når økta stiller store krav til kraft og eksplosivitet, er oppvarminga viktig. Både for å redusere risiko for skadar og for å prestere best mogleg gjennom sjølve økta.

I denne videoen viser eg delar av ei typisk oppvarming. Me startar med aktiv tøying gjennom store leddutslag for å førebu ledd, musklar og sener på belastning. Deretter går me vidare til låg plyometrisk aktivitet som high knees, A-skip og pogo jumps for å aktivere muskulatur, førebu timing, rytme og ankelstivheit, og stimulere nervesystemet.

Målet er å få opp kroppstemperaturen, skape god flyt i bevegelsane og førebu kroppen på rask og eksplosiv kraftproduksjon.

Til slutt legg me inn lett press- og trekkarbeid med strikk for å vekkje overkropp og stabiliserande muskulatur.

Ei god oppvarming skal ikkje gjere deg sliten.
Ho skal gjere deg klar.

04/02/2026

Her er eit lite innblikk i ei styrkeøkt med Nikolai Tendal frå off-season. Han er eit ungt fotballtalent eg har jobba målretta med i mange år.

Denne off-seasonen har fokuset vore å byggje ein kropp som toler belastning og kan produsere kraft raskt. Tidlegare har mykje av arbeidet handla om å byggje stabilitet, styrke og balanse gjennom heile kroppen. No har me kome såpass langt at han har nådd fleire av standardane våre for styrke. Difor har årets off-season handla meir om eksplosivitet, hurtigheit og spenst, altså å klare å produsere den krafta me har utvikla, raskt og eksplosivt.

Økta kombinerer hopp, eksplosivt arbeid, styrke med moderat belastning, unilateralt arbeid og kjærne. Alt er valt med tanke på overføring til spelet og krava han møter på bana.

Dette er ein del av prosessen: først byggje ein solid base, deretter byggje vidare og spisse arbeidet inn mot eigenskapar som er meir spesifikke for idretten.

Steg for steg, i ein langsiktig plan.
————————————————————————————————
Styrkeøkt – Pre-comp

A) Oppvarming og aktivering
90–90 hofterull
A-march
A-run
Spark bak
Spensthopp
Broad jump
Single leg broad jump

B1) Trap Bar Jump
B2) Broad Jump

C) Trap Bar Deadlift

D1) Rear Foot Elevated Split Squat
D2) Single leg hopp stick

E1) Nordic hamstring curl
E2) Copenhagen plank
E3) Eksentriske tåhev

F1) Isometric Pallof Press Walkout
F2) Dead bug reach

God styrketrening er den beste investeringen me har i kampen mot skader.I dagens idrett står me overfor eit stadig aukan...
14/12/2025

God styrketrening er den beste investeringen me har i kampen mot skader.

I dagens idrett står me overfor eit stadig aukande problem:
skadar.

Nesten halvparten av unge utøvarar opplever ei skade kvart år. Det betyr ikkje berre tid vekke fra aktiviteten, men skadar er også ein av dei største årsakene til fråfall. I enkelte idrettar forklarer skade opptil 46 % av fråfallet.

Dette er eit problem ansett ambisjonar.
Og det er eit område me burde investere langt meir i.

Heldigvis er løysinga meir konkret enn mange trur.
Ein av dei mest tydelege risikofaktorane for både akutte og
overbelastningsskader er mangel på styrke.
I ei av studiane som ofte blir vist til, hadde utøvarar med svak underkropp opptil 9,5x høgare risiko for kneskade enn dei sterkaste. Det er ein brutal, men nyttig realitet:

Er du svak, er du meir skadeutsett.
Blir du sterkare, blir du tryggare.

Likevel tenker mange på skadeførebygging som fancy øvingar:
tøying, strikk, balanseputer og «prehab».
Desse kan ha sin plass, spesielt i rehabilitering, men dei kan ikkje samanliknast med effekten av eit godt styrketreningsprogram.

Ironisk nok møter me fortsatt motstand basert pă gamle mytar som
«styrketrening skader unge utøvarar».

Sjølvsagt kan dårleg gjennomført styrketrening skade, akkurat som dårleg gjennomført idrett kan skade, men goa, tung og systematisk styrketrening bygger kapasitet i musklar, sener og leda.

Effekten er dokumentert:
Styrketrening kan redusere skader med 50-70 %.
Ingen annan metode kjem i nærleiken.

Det kan virke skremmande å sette opp eit slikt program, men følg desse enkle prinsippa, så er du langt på veg. Det treng ikkje vere perfekt, berre basert på sunn fornuft og god belastning.

Ă utvikle robuste unge utøvarar som toler meir, utviklar seg meir, og som faktisk orkar å halde fram med idretten dei elskar, er ein investering me alle burde gjere.

Kjelder
Lauersen et. al., 2014 — Meta-Analyse av skadeførebygging Lauersen et. al., 2018 — Dose-respons-effekt av styrketrening Chen et. al., 2025 - Styrketrening & redusert skaderisiko i kontaktsport
Faigenbaum et al., 2009/2016 - Ungdom, styrke og skaderisiko

Adresse

Haukeliveien 1131
Etne
5590

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Havreberg Coaching legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del