Enge skule

Enge skule Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Enge skule, Grunnskole, Strondavegen 21, Etne.

29/04/2026

Idag har me feira SFO-dagen, kan tru me har hatt det kjekt!
Teikna med kritt, hoppa strikk, blåst såpebobler, reila, sådd solsikker, spelt musikk og dansa, og meire til.
Etter mat åt me supergod sjokoladekaka!
Tema for dagen var "leik" og leiken si viktige rolle på SFO og for barns trivsel og læring.
På vår SFO er me glad i å vera kreative, leika, lese ei bok eller spele spel -ja, me gjer mykje kjekt, ein fargerik og fin kvardag.

Hipp hurra for SFO og alt det fina me har ilag❤️

13/04/2026

Bur barnet ditt i Etne kommune og er mellom 6 og 15 år?
Då ligg det 900 kroner og ventar på å bli utbetalt🌟

Kortreist og fantastisk fint. 🤩 God påske frå 8. klasse i Planteskuleskogen 🤗🐣🐥
28/03/2026

Kortreist og fantastisk fint. 🤩 God påske frå 8. klasse i Planteskuleskogen 🤗🐣🐥

6.kl har testa ut pappmasse og laga kvar sin kylling. Me starta med ein pappfigur som me fylte inn folie og tapa med mas...
21/03/2026

6.kl har testa ut pappmasse og laga kvar sin kylling.
Me starta med ein pappfigur som me fylte inn folie og tapa med maskeringstape. Deretter forma me kyllingen med pappmasse i fleire omganger. Så blei kyllingane malte og lakka. Engasjerte elevar og flott resultat. God 🐣

I strålande vårsol var 6. klasse saman med 5.og 6.klasse frå Skånevik. Det var full aktivitet med balleik, grilling, kla...
21/03/2026

I strålande vårsol var 6. klasse saman med 5.og 6.klasse frå Skånevik. Det var full aktivitet med balleik, grilling, klatreløype og oppgåver a la «Mesterens mester!»
Dette var ein fantastisk inngang til helga!

Flinke og kreative elevar i 9. klasse, som har faget Arbeidslivsfag, laga til Elevmesse på skulen. Måndag inviterte dei ...
17/03/2026

Flinke og kreative elevar i 9. klasse, som har faget Arbeidslivsfag, laga til Elevmesse på skulen. Måndag inviterte dei familie og venner til messe og kafeutsal. Dei besøkane kunne gå innom: "Sisters in business", "Kutt-krutt", "Koselige tre", "Brukt å ko", "Skog-på-Rad" og "Vea Gutta". Har kunne ein få kjøpt alt frå kjeks, skjærefjøler, strikka skjerf, vesker, handlaga lys, ved, brukte klede og spel. Takk til alle som kom og støtta oss!

Endeleg er den store dagen her; elevane på 1.trinn skal få kosedyr laga av fadderane på 6.trinn.  I haust teikna 1. klas...
05/03/2026

Endeleg er den store dagen her; elevane på 1.trinn skal få kosedyr laga av fadderane på 6.trinn.

I haust teikna 1. klassingane kosedyret sitt eller eit fantasi-kosedyr. Fadderane fekk i oppgåve å sy. Resultata var fantastisk flotte og
1.klassingane er stolte eigarar av nytt kosedyr.

Etter den høgtidelege overrekkinga, åt dei to trinna nista si saman. Veldig kjekt for både store og små.

‼️OBS OBS‼️ALLE som har plass må søkja på nytt for skuleåret 2026-27 innan 1. mars.
24/02/2026

‼️OBS OBS‼️
ALLE som har plass må søkja på nytt for skuleåret 2026-27 innan 1. mars.

SFO er eit tilbod til alle born på 1.-4. årssteg og for born med særskilte behov på 1.-7. årssteg. Søknadsfrist er 1. mars. Det vert opna for å søkja plass frå 28. januar.I år er det nye SFO-tilbod og alle må søkja på nytt frå skuleåret 2026-27.

20/02/2026

5.kl hadde ein nydeleg dag på ski i går. Turen gjekk frå Opheim til Fjellstølen, flotte preparerte løyper og smilande ungar med kakaobart🥰 Dette håpar me å få til igjen❄️☀️

Vinterens vakreste eventyr: Skuledansen 2026🩵180 festpynta  ungdommer, som dansar og kosar seg i lag! Kjekt å sjå at ung...
19/02/2026

Vinterens vakreste eventyr: Skuledansen 2026🩵180 festpynta ungdommer, som dansar og kosar seg i lag! Kjekt å sjå at ungdommen trør til på dansegulvet! Takk til 10. klasse for ein fantastisk flott kveld❤️ god vinterferie til alle❄️

14/02/2026

KVIFOR bør ein lese høgt for barn?

15 min kvar dag er ei god investering i barnet ditt si utvikling🧡📚

1- Godt utgangspunkt for samtalar om det som skjer i livet til barnet

2- Det skapar TETTARE BAND mellom barnet og den som les

3- Det stimulerer FANTASIEN og NYSGJERRIGHETEN til barnet

4- Bidrar til å auke barnet sine SOSIALE FERDIGHETER

5- Viktig i SPRÅKUTVIKLINGA til barnet

6 og 7- Fører til betre LESE- og SKRIVEFERDIGHETER hos barnet

8- Trener KONSENTRASJONSEVNA til barnet

9- Barnet får POSITIVE ERFARINGAR med lesing

10- Det er ei KUNSTOPPLEVING

🧡Tar de utfordringa? 📚

Adresse

Strondavegen 21
Etne
5590

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Enge skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del