11/09/2026
God helg til alle. Denne veka har vi hatt besøk frå 3 plassar med aktive elevar som har deltatt på alt!
Vi har bær kring oss i mengder, så vi har nytta bæra aktivt denne veka. Grunna møteverksemnd på tysdag fekk vi med oss middagen ut, og vi gjekk ikkje kvar som helst, men nemlig til Brannstasjonen 904moh for å eta middagen. Deilig kyllingsuppe og rundstykker with a view! Kjøkkenet bestemte at vi måtte fikse desserten sjølv, så vi fekk ledsagarar og elevar til å gå med rumpa i været for å hauste tyttebær som vi laga trollkrem av:)
Onsdagen gav fulle nett på Sørsjøen, noko av fisken steikte vi på staden, mens 10 abborar vart flådd og salta til dagen etter. Etter ein veldig givande og populær tur i stallen med Blæsen og Vesla så vart abboren spørsteikt og lagt på flattbrød og alt vart borte på ein blunk.
Hausten er her for fullt. Det er nydelege fargar i terrenget og naturen sitt spisskammers er ope for take away!
Takk til alle gjester. Tips gjerne om oss, vi har fortsatt tyttebærtuer, rideturer og fisk å by på!