Fusa vidaregåande skule

Fusa vidaregåande skule Kanskje den trivelegaste skulen i verda? You never know; may be the best school ever? Sida er for alle med hjarte for Fusa vgs, før - no - eller i framtida.

Vi hadde ei flott avslutning for personalet på fredag, med god mat, fine talar og ei verdig avslutning på det første sku...
24/12/2025

Vi hadde ei flott avslutning for personalet på fredag, med god mat, fine talar og ei verdig avslutning på det første skulehalvåret. 🎄

No vil vi ønskje alle ei riktig god jul, og vi ser fram til eit nytt halvår fylt med samarbeid, læring og nye moglegheiter. ✨

Fredag samla vi oss til ei koseleg juleavslutning i amfiet 🎄✨Det vart kåring av pepperkakehus 🏠🍪, engasjerande Kahoot 🙌,...
23/12/2025

Fredag samla vi oss til ei koseleg juleavslutning i amfiet 🎄✨
Det vart kåring av pepperkakehus 🏠🍪, engasjerande Kahoot 🙌, informasjon om solidaritetsaksjonen ❤️ og flott høgtlesing frå rektor 📖
Ei fin og stemningsfull avslutning på skuleåret – no ønskjer vi alle ei riktig god juleferie 🎅❄️

Litt ekstra stas, latter og gode augneblinkar før julebordet starta 🎄Å gjera seg klar saman er òg ein del av fellesskape...
18/12/2025

Litt ekstra stas, latter og gode augneblinkar før julebordet starta 🎄
Å gjera seg klar saman er òg ein del av fellesskapet – og av den fine førjulsstemninga vi deler på Fusa vgs 💛

17/12/2025

✨ I dag har vi hatt julebord for elevane våre – ein dag fylt med smil, fellesskap og god stemning. I år har elevane sjølve vore aktive i planlegginga, med ansvar for både førebuingar, budsjett og gjennomføring 👏

Tilsette har stått på, servert og bidrege til å gjera dagen så fin som han vart 💛
Med dempa lys i gymsalen vart stemninga lun og koseleg, og rommet fylt av julero, god mat, latter og gode augneblinkar.

Tusen takk til alle som var med og skapte ei minnerik førjulstid for elevane våre 🎄✨

Besøk i Eidestøo med NAA og NAB, torsdag denne veka.Flott omvisning med lære om yngel, egg, røkting og hvordan ta blodpr...
13/12/2025

Besøk i Eidestøo med NAA og NAB, torsdag denne veka.
Flott omvisning med lære om yngel, egg, røkting og hvordan ta blodprøve av fisk . Kjempe kjekt. Avslutta med kahoot og fin premie til vinnaren👍🐟🐟🐟🐟. Takk til Frøydis og Amalie for kjekt besøk!

HOA inviterte Jettegryto barnehage til juleverksted i går.✨🎄 Dei flinke elevane våre laga et flott opplegg der både dei ...
13/12/2025

HOA inviterte Jettegryto barnehage til juleverksted i går.✨🎄 Dei flinke elevane våre laga et flott opplegg der både dei og ungane hadde ei fantastisk kjekk stund i lag.♥️

Her kjem ein liten oppdatering frå restaurant- og matfag! 👩‍🍳🧑‍🍳Vg1-elevane har prøvd seg som servitørar, medan Vg2-elev...
12/12/2025

Her kjem ein liten oppdatering frå restaurant- og matfag! 👩‍🍳🧑‍🍳
Vg1-elevane har prøvd seg som servitørar, medan Vg2-elevane har stått på kjøkkenet som kokkar. Flott innsats av alle!🍽️😊

Kjekk tur med NAA til Vilvite i forrige veke🤩
11/12/2025

Kjekk tur med NAA til Vilvite i forrige veke🤩

Førre veke fekk naturbruksklassen vere med på saueslakt 🐑 – ei lærerik og viktig oppleving. Elevane jobba godt saman 🤝 o...
11/12/2025

Førre veke fekk naturbruksklassen vere med på saueslakt 🐑 – ei lærerik og viktig oppleving. Elevane jobba godt saman 🤝 og fekk sjå kor viktig samarbeid, gode rutinar og tryggleik er i heile prosessen.

Slakting gir òg ein unik sjanse til å lære om anatomi 🧬 og til å forstå meir om dyrevelferd og respekt for dyra vi jobbar med ❤️.

I dag har Fusa vidaregåande hatt inne politiet etter ei bestilling frå skulen om å snakka om deling av bilder og videoer...
10/12/2025

I dag har Fusa vidaregåande hatt inne politiet etter ei bestilling frå skulen om å snakka om deling av bilder og videoer av andre, i ulike sosiale medier. Dei gav tips om kva ein kan svara om andre ber om bilder/film, eller kva ein kan svara om andre har delt bilder/film. Dei oppfordra til å senda screenshots til nettpatruljen om ein får slike meldinger.

Å dela utan samtykke er straffbart.

https://www.facebook.com/politivest/

https://www.politiet.no/rad/trygg-nettbruk/delbart/ -kjenner-ikke-loven

🍽️ KantineinformasjonPå Fusa vgs har vi gratis frukost til elevane kvar dag, og gode, rimelege lunsjalternativ. Ein stor...
10/12/2025

🍽️ Kantineinformasjon

På Fusa vgs har vi gratis frukost til elevane kvar dag, og gode, rimelege lunsjalternativ. Ein stor takk til Ellen og Oksana som steller så godt med både elevar og tilsette! 💛
Og ikkje minst: På onsdagar har vi den populære tacobuffeten vår, i tillegg til andre fristande rettar🌮🥗

Siste veka før jul har vi litt endringar i kantina:

Onsdag 17. desember
• Frukost som vanleg
• Julebord for elevar
(merk: ingen ordinær lunsj i kantina denne dagen)

Torsdag 18. desember
• Frukost som vanleg
• Ingen lunsj

Fredag 19. desember
• Kantina er stengd heile dagen
(ingen frukost eller lunsj)

Vi hadde eit flott besøk av Nothing Personal gjennom DKS førre veka! 🎶✨ Elevane fekk oppleve unike lydlandskap der det p...
08/12/2025

Vi hadde eit flott besøk av Nothing Personal gjennom DKS førre veka! 🎶✨ Elevane fekk oppleve unike lydlandskap der det personlege møtte det elektroniske – ei spanande og inspirerande konsertoppleving. Tusen takk for musikken! 🙌💛

Adresse

Eikelandsosen
5640

Åpningstider

Mandag 07:30 - 17:00
Tirsdag 09:00 - 17:00
Onsdag 09:00 - 17:00
Torsdag 07:40 - 17:00
Fredag 09:00 - 17:00

Telefon

+4756580900

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fusa vidaregåande skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Fusa vidaregåande skule:

Snarveier

Del

Type