10/06/2026
Det var ei trist oppleving å kome på arbeid i dag og sjå at regnboge-flagget vårt var teke ned og stole. Samtidig er denne handlinga eit symbol på noko som gjer oss bekymra.
Vi ser eit samfunn der debattklimaet stadig blir hardare. På sosiale medium møter barn og unge dagleg sterke meiningar, harde ord og tydelege frontar. Polariseringa aukar, og rommet for nyansar og respekt blir mindre. Det er dei vaksne som står for dette. Dei som skal vera rollemodellar for barn og unge. Det er svært krevjande å vera ung i dag, å skulle navigere og ta stilling til kva som er sant og usant, ekte og uekte.
Skulen har eit dobbelt oppdrag: utdanning og danning. Skulen er ikkje verdinøytral. Opplæringslova sin formålsparagraf omtalar kva for verdier grunnopplæringa skal bygge på. Verdiane er grunnlaget for demokratiet vårt og samler Norge som samfunn. Skulen skal fremje menneskeverd, likeverd og respekt. Elevane våre skal lære å møte kvarandre med openheit, toleranse og vilje til å forstå det som er annleis. Når eit symbol på desse verdiane blir fjerna, rammar det ikkje berre ei flaggstang – det rammar sjølve fundamentet i samfunnsoppdraget vårt.
Vi er bekymra for utviklinga.
For kva slags fellesskap er det vi er i ferd med å skape?
Og kva lærer vi elevane våre dersom slike handlingar får stå uimotsagde?
Samtidig er vi heilt tydelege:
Vi gjev oss ikkje.
Vi står fast i verdiane våre.
Og vi held fram arbeidet – kvar einaste dag.
Eit nytt flagg er snart på plass att.
«Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv» Arnulf Øverland 1936