Dovre barneskole

Dovre barneskole Velkommen til facebook-sida til nye Dovre barneskole. Her ynskjer vi å dele store og små hendingar frå kvardagen vår på skolen.

Førre veke var 7. klasse på leirskole på Bjørnsund. Ei fin veke med mykje sol, god mat, godt humør og mange artige aktiv...
06/05/2026

Førre veke var 7. klasse på leirskole på Bjørnsund. Ei fin veke med mykje sol, god mat, godt humør og mange artige aktivitetar. Elevane var blant anna på havfiske, fjæreekskursjon, strandrydding og tur til fyret. Vi satte ut garn og krabbeteiner og robåt vart mykje brukt. Kvar kveld var det romvask med påfølgande romsjekk i Kompani Laurizen- stil. Vi er særdeles glade for at Dovre kommune gjev oss denne veka😊

Denne veka har dei tilsette sett farge på skolekvardagen, bokstavleg talt💐 Det var nok den rosa dagen elevane vart mest ...
27/03/2026

Denne veka har dei tilsette sett farge på skolekvardagen, bokstavleg talt💐 Det var nok den rosa dagen elevane vart mest forundra over, men for ein god energi det vart!
Vi på Dovre barneskole ynskjer alle elevar, foreldre og føresette og andre som fylgjer oss ei god påske🐣🐥 Vi sjåast att tysdag 7. april🤗

Har du stort engasjement for læring og ynskjer å bli ein del av eit godt, inkludarende skolemiljø? Vi har ledig stilling...
26/03/2026

Har du stort engasjement for læring og ynskjer å bli ein del av eit godt, inkludarende skolemiljø? Vi har ledig stilling som lærar frå 1. august – kanskje det er deg eller nokon du kjenner? NB: Søknadsfristen er 2. påskedag🐣☺️

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Ved Dovre barneskole er det frå 01.08.26 ledig undervisningsstillingar som lærar. Antal stillingar og stillingsstorleik avheng av godkjende permisjonar og avgangar. Nokre av stillingane vil vera årsvikariat. Det er eit krav at søkarar har godkjend lærarutdanning. Vi har behov for lærarar med u...

03/02/2026

Invitasjon til Ungdomskafè!
Fredag 6. februar kl. 17-20 arrangerer vi ungdomskafé for alle fra 7. klasse til 3. klasse på vidaregåande i Lesja og Dovre i hallen og glasshuset på Lesja Skule. Det blir aktivitetar og gratis mat og drikke til alle 🏐🍕😇 Vi ynskjer at dykk melder dykk på med fullt namn under for at vi kan sørgje for å få nok pizza og drikke til alle! Foreldre i 9. klasse ved Lesja Skule er vaktar. Håpar å sjå så mange som mogleg!

Med vennleg helsing, Lesja og Dovre Ungdomsråd

Påmelding her: https://forms.cloud.microsoft/Pages/ResponsePage.aspx?id=SbprGzVvgk2fykgn1BfNPtld_TVHhTBHuL0lC4ATx4tURFhMSEQ1TDMzTFRTRTlYWFZQR1Q4QVkyRC4u

På torsdag hadde 2. klasse rammeleik, og heile gjengen drog på ei fantasifull liksomreise til Gran Canaria! Elevane bytt...
07/12/2025

På torsdag hadde 2. klasse rammeleik, og heile gjengen drog på ei fantasifull liksomreise til Gran Canaria! Elevane bytte ut skulesekken med trillekoffert, laga seg pass, sjekka inn på “flyplassen”, fekk boardingkort, fann setet sitt på flyet – og så var det klart for avgang.

Framme på “Gran Canaria” blei det strandliv og bading i svømmehallen med musikk, og mykje leik og glede. Vel heime att skreiv dei postkort og fortalte om ferieturen sin. Barna levde seg skikkeleg inn i rollene – ein herleg kombinasjon av leik, fantasi og samarbeid! 🌞🕶️
(Vi har samtykke frå foreldre av enkeltelevane det er bilete av.)

Vi er så heldige at Dovre bondelag stiller opp i vår relativt nyoppstarta tradisjon med juletrehenting:5. klasse er med ...
01/12/2025

Vi er så heldige at Dovre bondelag stiller opp i vår relativt nyoppstarta tradisjon med juletrehenting:
5. klasse er med ut i skogen for å hente tre, i år vart treet køyrt opp til skulen med hest og kjerre. Byggdrifter ved skulen stiller og opp så vi får sett treet opp på skulegarden, og pyntar med juleljos. Fin tradisjon som vi får julestemning av❄️🌟
Tusen takk til Dovre bondelag🤩

06/11/2025

Bli med og lek med ord og rytme med disse dyktige karene!

16/10/2025

🏊🏻‍♀️I kveld kl. 18:00 opnar svømmehallen! Og elevar i grunnskulen i Dovre får svømme gratis!🙌

Dovre svømmehall på Dombås opnar att for offentleg bading torsdag 16. oktober 2025. Svømmehallen er open tysdagar og torsdagar frå kl. 18:00 til 21:00.

Tilbodet er gratis for elevar i grunnskulen i Dovre.

Opningstidene følgjer skuleruta.

Adresse

Smiuvegen 4
Dombås
2660

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4761242270

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dovre barneskole legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Dovre barneskole:

Snarveier

Del