Måløy vidaregåande skule

Måløy vidaregåande skule Sida gir informasjon om og frå Måløy vidaregåande skule

⚓️ Tur til Bergen med matrosklassen 🌟I mai var matrosane på tur til Bergen for å få kjenne litt på livet om bord. Elevan...
03/06/2026

⚓️ Tur til Bergen med matrosklassen 🌟
I mai var matrosane på tur til Bergen for å få kjenne litt på livet om bord. Elevane fekk prøve seg på både brovakter og andre vakter, samstundes som me hadde ein tur med godt sosialt samvær og mykje læring undervegs.
I tillegg fekk me ein veldig kjekk dag i Bergen med fine opplevingar og godt humør 🌆
Dette vart ein flott tur som gav elevane ein liten forsmak på læretida som ventar til hausten 👍

02/06/2026

I dag kjører vi Retro. Voksenopplæringa ved restaurant- og matfag serverer rekecocktail, som var ein svært populær rett på 80-tallet 🦐🦐

30/05/2026

Fredag hadde vi våraktivitetsdag med aktiviteter både på sjøen og på land. Kjekk skuledag der fellesskap, fysisk aktivitet og uteliv var i fokus. Som seg hør og bør hadde vi utelunsj med grilling og is til dessert☀️😊

aktivitet

Frå Måløy til Shanghai: Andreas skal kjempe om VM-tittel i sveisingEin tidlegare elev ved TAF/TIF-linja på Måløy vidareg...
28/05/2026

Frå Måløy til Shanghai: Andreas skal kjempe om VM-tittel i sveising

Ein tidlegare elev ved TAF/TIF-linja på Måløy vidaregåande skule er no klar for verdsmeisterskap i sveising i Kina. Andreas Ommedal Aa skal representere Noreg når verdseliten møtest i Shanghai.

Nyleg fekk TAF/TIF ved Måløy vidaregåande skule besøk av den tidlegare eleven, som delte historia om vegen frå skulebenken i Måløy til internasjonalt toppnivå i sveisefaget. Elevane fekk også sjå Andreas utføre TIG-sveising og kom med råd og vink til nysgjerrige elevar.

Andreas tok fagbrev som industrimekanikar hjå Brødrene Aa i Hyen. Gjennom praksis i bedrifta og praktiske øvingar på verkstaden ved skulen utvikla han tidleg ei særleg interesse for sveising. Det gode handverket vart raskt lagt merke til. Arbeidsgjevaren meldte han på noregsmeisterskapet i sveising, der Andreas enda på ein fjerdeplass. Resultatet vart likevel ei viktig drivkraft.
– Etter den sure fjerdeplassen bestemte eg meg for å verte best i sveising, fortel Andreas. Etter fullført fireårig TAF-utdanning og fagbrev flytta han til Stavanger for å satse vidare på faget. Der fekk han arbeid hos Stavanger Mekaniske, ei bedrift med omfattande sveiseoppdrag innan offshore-industrien og arbeid med ulike metall og metodar. Andreas stilte tidleg eit enkelt spørsmål til arbeidsformannen:
– Kva skal eg gjere for å verte ein god sveisar?
Svaret kom i form av ansvar. Han fekk som oppdrag å vere den einaste sveisaren på eit større aluminiumsoppdrag – ei krevjande oppgåve som gav både høgt arbeidspress og verdifull erfaring.

No ventar den største utfordringa så langt i karrieren. Andreas er teken ut som einaste norske deltakar i si klasse til verdsmeisterskapet i sveising, som går føre seg i Shanghai i Kina i september. Meisterskapet varer i fire dagar og deltakarane skal konkurrere i fleire disiplinar. Mellom anna skal dei sveise ein trykkboks som må tole eit trykk på heile 1000 psi.

For Andreas handlar suksess om målretta arbeid og fordjuping.
– Dersom ein skal verte god i noko, må ein fordjupe seg i det, seier han.

Frå Måløy blir det no sendt lukkeønskingar austover til Shanghai, der ein tidlegare TAF-elev skal måle kreftene mot verdas beste sveisarar.

PS: Ved sida av satsinga innan sveising arbeider Andreas òg med å utvikle ein app som skal gjere kvardagen enklare for elevar og fagfolk innan sveisefaget.

Elevane på Restaurant og matfag og Kokk og servitør har nyleg vore til Sogndal på ulike bedriftsbesøk.Elevane besøkte Le...
21/05/2026

Elevane på Restaurant og matfag og Kokk og servitør har nyleg vore til Sogndal på ulike bedriftsbesøk.
Elevane besøkte Lerum, Nortura og vinbøndene Bjørn og Haldis som driv verdas nordlegaste kommersielle vingård. Vi hadde ein kjekk og lærerik tur. Takk til bedriftene som tok godt imot oss.

Skulen har fått to nye dieselmotorar, og er takknemlige og glade for det 🤩 Kjekt med nytt og moderne utstyr til elevane ...
21/05/2026

Skulen har fått to nye dieselmotorar, og er takknemlige og glade for det 🤩 Kjekt med nytt og moderne utstyr til elevane våre. Tusen takk til Stårheim bilverksted som via importørar fekk tak i denne flotte gåva.

Bedrifta møtte opp på skulen med gåve til 100.000 kroner:

Fjordamattunet i Jølster, med fantastisk dyktige Kari Støfringsdal, byr på sin unike kompetanse innan tradisjonsmat og m...
18/05/2026

Fjordamattunet i Jølster, med fantastisk dyktige Kari Støfringsdal, byr på sin unike kompetanse innan tradisjonsmat og matkultur. Voksenopplæringa på Restaurant- og matfag vart ønska velkommen i tunet på garden, og fekk ein flott dag i bakstehuset der tradisjonsbakst og bruk av lokale råvarer stod i fokus.

I går starta elevane russetida si, les meir i saka til Fjordenes Tidende ⭐️🇳🇴
14/05/2026

I går starta elevane russetida si, les meir i saka til Fjordenes Tidende ⭐️🇳🇴

Russetog, russedåp, russetreff og 17. mai:

14/05/2026

Hurra🇧🇻! Vi rakk akkurat å få potetene i jorda før 17.Mai! Hærlig innsats av gjengen på Restaurant- og matfag! No gler vi oss til plukking til hausten! Takk til Jetmund for veldig kjekk dag!

For en fin russ vi har 🤩❤️💙🖤
13/05/2026

For en fin russ vi har 🤩❤️💙🖤

Adresse

Nordfjordvegen 9109
Deknepollen
6718

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:45
Tirsdag 08:00 - 15:45
Onsdag 08:00 - 15:45
Torsdag 08:00 - 15:45
Fredag 08:00 - 15:45

Telefon

+4757637900

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Måløy vidaregåande skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Måløy vidaregåande skule:

Snarveier

Del