Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar

Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar Snikkar og båtbyggjar som restaurerer hus og byggjer og restaurerer båtar i Sogn og Fjordane. Sjå meir på www.ovelos.no.

Eg hjelper deg også med planar, teikningar og kostnadsoverslag.Har verkstad på Jensbua i Fjaler.

No skal dei få seg ny grindeløe i Tangeneset, nokre generasjonar sidan den gamle datt ned. Første grindeløa i Solund på ...
09/09/2026

No skal dei få seg ny grindeløe i Tangeneset, nokre generasjonar sidan den gamle datt ned. Første grindeløa i Solund på kor lenge?🤔Jomar Bergheim og Torbjørn Espedal er gode kollegaer på løa. Håvard Bjørnestad fraktar og kranar. Vi har hogt ihop hos Vatnelid Sag og han har levert materialane. 6 grinder, 7,5 x 16,5 m. Vi gler oss til å røyse den idag!🎉

Eg gjekk inn i ferien med eit koseleg oppdrag for ein hyttenabo. God sommar, alle🥰
02/07/2026

Eg gjekk inn i ferien med eit koseleg oppdrag for ein hyttenabo. God sommar, alle🥰

I helga har eg delteke på årets Skippertak i vakre Skarnagel, sjå her:
14/06/2026

I helga har eg delteke på årets Skippertak i vakre Skarnagel, sjå her:

Denne gongen har turen gått til vakre Skarnagel i Nord-Solund, der eit gammalt naust får sårt tiltrengd omsorg frå partnarar i Fjordkystparken.

Ny grind på veg opp på Saltskår. Den vi bygde i fjor rett bak😊
09/06/2026

Ny grind på veg opp på Saltskår. Den vi bygde i fjor rett bak😊

Eg har bygd nokre sjøbuer i mi tid, men har alltid hatt lyst til å lage vinde. No kom sjansen, og denne skal opp på bua ...
04/06/2026

Eg har bygd nokre sjøbuer i mi tid, men har alltid hatt lyst til å lage vinde. No kom sjansen, og denne skal opp på bua vi sette opp på Saltskår i Solund ifjor🥰

Igang igjen på vakre Gulen kyrkje, denne gong ved mine gode kollegaer i Norsk Kystkulturakademi😊
04/06/2026

Igang igjen på vakre Gulen kyrkje, denne gong ved mine gode kollegaer i Norsk Kystkulturakademi😊

Ein liten smugkikk på dei nye vindauga i Lillingstonheimen😊
09/04/2026

Ein liten smugkikk på dei nye vindauga i Lillingstonheimen😊

05/04/2026

Onsdag 8. april kl 17 00inviterer vi til bokkveld på Jensbua!

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth presenterer det nye praktverket sitt Naustlandet:

I dette føredraget fortel og viser Eva Røyrane, forfattar av boka Naustlandet, bilete frå den store naustreisa.
Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Finnmark i nord til Agder i sør på jakt etter nausta som pregar kystlandskapet i vårt vidstrakte land.
Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.
Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

Inngang kr 100.-. Enkel servering.

Hjarteleg velkomen

Vi har byrja å fylle hyllene i nye Krambua med godsaker: Kaldpressa rå linolje og Båtsmurning i 1, 5 og 20 liters kanner...
01/04/2026

Vi har byrja å fylle hyllene i nye Krambua med godsaker: Kaldpressa rå linolje og Båtsmurning i 1, 5 og 20 liters kanner. Båtsmurning er 1/3 av kvar av tjøre, terpentin og rå linolje - godt for trebåten og terrassen! Løp og kjøp!

Idag vart dei ei sjøbu mindre i Solund med eternit på taket. Takk for oppdraget, Norsk Kystkulturakademi!💪🙏 Foto: Jordy ...
06/03/2026

Idag vart dei ei sjøbu mindre i Solund med eternit på taket. Takk for oppdraget, Norsk Kystkulturakademi!💪🙏 Foto: Jordy og Dima

Adresse

Dale
6963

Telefon

97079139

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar:

Snarveier

Del