Bryggja skule AS

Bryggja skule AS Bryggja skule AS er ein nystifta friskule etter friskulelova med oppstart august 2018. Skulen har kr

Bryggja skule søkjer etter fagarbeidar/elevassistent i 50 % fast stilling. Om du er interessert eller kjenner nokon som ...
17/12/2025

Bryggja skule søkjer etter fagarbeidar/elevassistent i 50 % fast stilling. Om du er interessert eller kjenner nokon som kan vere det, ta gjerne kontakt 😊 Del gjerne!

Fagarbeider barn, Bryggja Skule AS, Bryggja. Søknadsfrist: Søk senest søndag 4. januar.

11/12/2025

Tusen takk til alle som møtte opp til årets juleforestilling! Det var fantastisk kjekt! Vi er stolte av alle elevane våre som har stått på for å få dette til 🤩 For ein gjeng!

I tillegg må vi takke alle som sponsa gevinstar. Det set vi stor pris på.

Takk for ein kjekk kveld 🎄

Bryggja skule vil invitere til juleforestilling i Bryggja grendehus torsdag 11.12.25 kl. 17.15. Elevar ved skulen vil vi...
05/12/2025

Bryggja skule vil invitere til juleforestilling i Bryggja grendehus torsdag 11.12.25 kl. 17.15. Elevar ved skulen vil vise fram årets juleforestilling, Nissar på ville vegar.

Det blir sal av pizzasnurrar, kaffi og kaker. I tillegg blir det loddsal.

Inngang kr. 50 pr. person eller kr. 100 pr. familie. Eit eventuelt overskot går til FAU ved Bryggja skule.

Velkomen!

28/11/2025

Tusen takk til Bryggja sanitetsforening for pengegåve i anledning årets juleverkstad! Elevar og vaksne gler seg til julelunsj neste fredag 🎄🎄❤️

10/10/2025

Bryggja skule har behov for ringevikar. Dette gjeld arbeid i SFO på ettermiddagstid. Om du er interessert, eller veit om nokon som kan være interessert, ta kontakt med skulen på telefon 93038374.

Bryggja skule AS har sidan oppstarten hausten 2018 unngått hærverk ved skulen. Bygda har tatt godt vare på skulen og sku...
12/08/2025

Bryggja skule AS har sidan oppstarten hausten 2018 unngått hærverk ved skulen. Bygda har tatt godt vare på skulen og skulen sitt område i tida som er gått. Beklageligvis har vi denne sommaren hatt besøk av nokon som har knust blomsterpotter, knust ruta på uteskuret vårt og øydelagt hengelåsen til døra på uteskuret. Det er trasig når vi må bruke penger på å ordne dette, penger som gjerne skulle vert brukt på elevane og vidare utvikling av skulen. Om du veit noko om det som har skjedd, ta gjerne kontakt med skulen.

Elevane i SFO har fått seg strikkemaskin! Dei har allereie laga flotte panneband og hue. Vi tek gjerne i mot garnrestar ...
12/02/2025

Elevane i SFO har fått seg strikkemaskin! Dei har allereie laga flotte panneband og hue. Vi tek gjerne i mot garnrestar om nokon har det liggande 🤞😊

Bryggja skule AS har ledig stilling som fagarbeider/elevassistent i skule/SFO. Stillinga er ei 100 % stilling frå 01.02....
07/01/2025

Bryggja skule AS har ledig stilling som fagarbeider/elevassistent i skule/SFO. Stillinga er ei 100 % stilling frå 01.02.2025 og fram til sommaren 2025.

Om du er interessert eller kjenner nokon som kan vere interessert, ta kontakt med skulen på mail eller telefon.

Mail: [email protected]
Telefon: 57851000

Del gjerne!

24/12/2024

Det har dessverre oppstått eit problem med lysa i grana ved skulen. Håpar det ikkje øydelegg julestemninga for Bryggjaværingane! Vi får prøve å få orden på det ein annan dag.

Ynskjer alle i bygda ei god jul og eit godt nytt år! 🎄😊

Bryggja skule vil invitere alle til juleforestilling i Bryggja grendehus torsdag 12.12 kl. 17.15. Elevar ved skulen vil ...
05/12/2024

Bryggja skule vil invitere alle til juleforestilling i Bryggja grendehus torsdag 12.12 kl. 17.15. Elevar ved skulen vil vise fram årets julespel, Nisseline på ville vegar.

Det blir sal av pizzasnurrar, kaffi og kaker. I tillegg blir det loddsal.

Inngang kr. 50 pr. person eller kr. 100 pr. familie. Eit eventuelt overskot går til FAU ved Bryggja skule.

Velkomen!

Kjekt med digital veke! 🤩
14/03/2024

Kjekt med digital veke! 🤩

– Denne veka har vi hatt fokus på digitale verktøy i alle fag, fortel Tony Jurgensen, lærar ved Bryggja skule.

Adresse

Norefossvegen 1
Bryggja
6711

Åpningstider

Mandag 07:30 - 16:30
Tirsdag 07:30 - 16:30
Onsdag 07:30 - 16:30
Torsdag 07:30 - 16:30
Fredag 07:30 - 16:30

Telefon

57851000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bryggja skule AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Skolen

Send en melding til Bryggja skule AS:

Snarveier

Del