11/05/2026
Takk til Harøy skule!
Erasmus-prosjekt er òg på lærar-nivå.
I førre veke hadde Haram vgs besøk av tre lærarar frå Waterford, Irland. Dei ville gjerne ha innsikt i undervisningsmetodar og skulesystemet i Noreg, samt oppleve norsk kultur. Dermed fekk dei servert litt Brattvåg/HVS og litt øyhopping/Harøy skule. Ja, og masse snø gjennom veka!
Ei flott veke er unnagjort 🌞
Takk for besøket , C, B og S.
Haram vgs takkar alle som tok i mot gjestane våre på ein så god måte. Dei var særs nøgde med alt dei fekk oppleve.
(NB! Sjekk gjerne FB-sida til Harøy skule 🇳🇴)