23/09/2025
I dag har førskulegruppa vore med på «Turbotråkk», som er ein turdag i regi av Den Norske Turistforening. Turbo er maskoten til Barnas Turlag, ein blå fjellrev som elskar å vere ute på tur i lag med barn. Barnehagen har vore med på dette tilbudet dei tre siste åra.
Vi pakka sekkane med matboks og drikkeflasker, og barna vart delt i par og fekk tildelt turbingo som dei skulle samarbeide om å fylle mest mogleg på. Vi gjekk tur på Åsen natursti, der det var hengt opp oppgaver som vi skulle svare på undervegs. Det var også gøymt fire Turbobamser i skogen, som barna skulle finne. Alle oppgåver vart løyst, og vi avslutta med lunsj i gapahuken. Ein kjekk tur i vått og friskt sunnmørsvér!
«Vanar og handlingsmonster tek form alt frà tidleg alder av. Gode vanar som ein tileignar seg i barnehagealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rorsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei fär bevege seg, leike og samhandle med andre og oppleve motivasjon og meistring ut frà eigne foresetnader.» (Rammeplan for barnehagen, s. 49)