05/05/2026
📚✨ Aktivitet og læring på skulen vår!
Dei siste vekene har vore fulle av spennande opplevingar for elevane våre 👏
🔢 Mattedag
Heile skulen var samla til ein kjekk dag med ulike stasjonar. Elevane samarbeidde på tvers av trinn, løyste oppgåver, spelte mattespel og brukte kroppen i læringa. Ein dag med både meistring og glede!
⚔️ Vikingveke
Vi reiste tilbake i tid og lærte om livet i vikingtida. Elevane laga flotte båtar, skreiv historier og deltok i ulike aktivitetar. Som ein del av veka besøkte skulen Hodr Vikingsete – ei spennande oppleving!
🔬 Newtonrom – 6. klasse
6. klasse har vore på besøk i Newtonrommet saman med andre elevar frå kommunen. Der fekk dei utforske realfag gjennom praktiske oppgåver og spennande eksperiment – ein lærerik dag med høg interesse!
Engasjement, samarbeid og lærelyst 💛