25/03/2025
Sidan vi har toppidrettslinje, er det ikkje så uvanleg at vi har elevar som deltek i NM i ulike idrettsgreiner. Men no sender vi for tredje gong ein elev til NM i filosofi, og denne gongen er det Marius Stølen Guibert! Ondag varmar NM-deltakarane opp med føredrag og filosofiske øvingsoppgåver, i Oslo, i regi av Fritt ord. Men torsdag gjeld det: Då skal Marius konkurrere med 38 andre ungdommar frå heile Noreg om å skrive den beste filosofiske drøftinga, på fire timar. Dei skriv på engelsk, og dei to beste kvalifiserer seg til Filosofi-OL i Bari, Italia, i mai. Vi gratulerer med kvalifiseringa til NM, og ønskjer Marius masse lukke til!