18/07/2026
Sommaren 2026 på Stend – ei lita oppsummering
Når Jonsok melder seg og sola står på sitt høgste, er det tid for elevar og lærarar å leggje skulearbeid til side og nyte sommaren. Slik er det på dei fleste av landet sine skular, men på ein skule som vår, er det nokon som må halde drifta i gong.
Sommaren på Stend er hektisk. Vinterfôr skal i hus, beiter og dyr skal stellast, naudstynt vedlikehald på bygg, ute og inne, skal utførast og husdyrrom skal vaskast ned. Me har og ein hage framom hovudhuset som krev flittige hender for å halde ugras borte og pryplantene i god vekst.
Sommaren er og tida for ombygging, fornying og nybygg. Skulen skal i år oppgradere treningsfasilitetane til elevane våre, me skal byggje nytt takoverbygg framom smådyravdelinga og bygge ny stall – aktiv stall der hestane går saman i flokk der dei får utøve meir naturleg åtferd.
Så er det slik at me alle treng ein pust i bakken for å lade batteria våre. I løpet av sommaren skal og fagarbeidarar ha nokon fortente friveker. Då er det godt å vita at me har særs dugande og ansvarsfulle ungdommar, som gjennom ordninga til Eigedomsavdelinga i fylket, har sommarjobb hos oss. Dette er til uvurderlig hjelp for å halde hjula i gong og det er ei ei stor gleda å sjå kva desse kjekke og sjølvgåande ungdommene får til! Når du går tur på Stend er det du ser i park, innmark og hage, resultatet av arbeidssame, unge vaksne som er med og tek vare på kulturarven vår.
I skrivande stund held me på å legg press på hå-siloen. Det var ein kamp å komme i mål med slåtten i år, så at hå-slåtten kunne haustast i strålande sommarsol var eit godt plaster på såret.
Til slutt vil eg sei at det er veldig kjekt å sjå så mange folk, unge og eldre, som besøker skulen vår. Barnefamiliar som introduserer ungane sine til husdyr, selskapsdyr og traktorar er dagstøtt å sjå på tunet. Det er litt av samfunnsoppdrag vårt og vise oss fram og vera eit vindauge mot landbruket.
Mange nyttar og eigedommen vår til rekreasjon, trening eller ein tur med hunden. Det er alle velkomne til og me syns det er kjekt at folk nyttar Stend til kvardagsaktivitet. Vil likevel nytte høve til å minne om at me ynskjer at ein går på driftsvegane våre, ikkje over innmarka, og at ein held hunden i band. Det er litt demotiverande å sjå at det vert etablert stiar over innmarka me prøver å stelle.
Tenk og over kor du parkerer bilen din. Det hender me køyrer der du kanskje tenkte det ikkje er noko aktivitet eller på tidspunkt du tenkte at arbeidsdagen var over. For oss er den ofte ikkje det...
Bileta skildrer litt av livet på Stend og på eit av bileta ser de nokon av dei framifrå, kjekke ungdommane som har sommarjobb på Stend.
Med ynskje om ein framleis fin sommar,
Robert Dalland, gardsstyrar