12/11/2025
🖐Viktig melding til byggenæringa: asbesthaldige plater er selde i Noreg. Slik handterer du det.
Arbeidstilsynet er gjord kjend med at det er selt slike plater. Arbeid med slike plater må stoppast raskt, og at arbeid i forureina lokale må avsluttast. Å bli utsett for asbest kan forårsake fleire alvorlege sjukdommar, mellom anna lungekreft.
Platene det er snakk om, er isolasjonsplater som i hovudsak er brukt som underlag under varmekablar før innstøyping og legging av flisar. Etter informasjon frå importøren skal det dreie seg om plater selt sidan september 2024 under to ulike namn: Procon Masterplate 1200x600x6 og ICON Masterpanel 1200x600x6.
Platene er importerte frå Kina av R&D Sourcing AS og distribuerte gjennom Elektroimportøren, Right Price Tiles og Duri Fagprofil AS. Det var opprinneleg dokumentert at produktet ikkje inneheldt asbest.
Viss platene er brukte skal det takast prøver av forureininga. Der dei er støypt inn allereie må det registrerast i eit visst register. Der dei ikkje er tekne i bruk må dei fjernast av eit godkjent asbestaneringsfirma. Meir informasjon om framgangsmåte finn du her: https://www.arbeidstilsynet.no/nyheter/asbestholdige-plater-solgt-i-norge--slik-handterer-du-det/