18/09/2026
📣"Kva er du god på som ikkje står på CV-en din?"
🍀Dei siste to dagane har Karriere Vestland delteke på Inkluderingskonferansen 2026 i Bergen, arrangert av InClue As | inkluderende rekruttering og Heim | M4Karriere | Karriereveiledning.
🍀Vi fekk presentere arbeidet vårt, og eit summespørsmål skapte spesielt engasjement: «Kva er noko du er god på som ikkje nødvendigvis kjem fram på CV-en din?» For mange med funksjonsvariasjonar handlar utfordringa ikkje om manglande kompetanse, men om at arbeidsgivarar ofte ser avgrensingar før dei ser moglegheiter.
🍀Vi høyrde sterke historier om kor mykje ekstra planlegging som skal til for å kunne delta i arbeidslivet, og fekk innsikt frå NHO, NAV, bedrifter og inkluderingsaktørar om kompetansebehov og inkluderande rekruttering.
Eit bodskap som festa seg: sjå ressursane før avgrensingane. Som nestleiar i Åsane Byggmesterforretning AS sa det: «Kjem det ein kandidat med ADHD, så jublar vi!»
👉Kompetanse er så mykje meir enn ein CV eller korleis du ser ut. Det handlar om menneska, erfaringane og ressursane vi kanskje ikkje ser ved første augekast.
Takk for to inspirerande dagar med gode døme på inkludering i praksis! 💪
Foto: Karriere Vestland