11/05/2026
1STa har vore på geografiekskursjon med Brynjar Stautland frå Geopark Sunnhordland i dag, 8.mai. Me har sett på putelava ved sjøen på Finnås prestegard og høyrt om Peder Harboe Hertzberg som var sokneprest i Finnås frå 1764. Han var en opplysningsprest som blant anna arbeidde for å få i gang dyrking av poteter. Dessutan virka han som lege. Deretter gjekk turen til klebersteinsbrotet i urda på Lykling, der dei tok ut stein til kyrkjene i Bergen. Deretter var det omvising på gullgruveområdet der me fekk høyra om den omfattande prosessen med å ta ut gullet. Fint ver, fine folk og alle har lært nokon nytt!